25.09.2024 – Voss i Dag

Regn i strie straumar har prega dagen i dag, dett har gjeve høge vasstandar mange stader.

Skulestadmo, 25. mai 2026, 09:59, +9C
Høg vasstand nedanfor Aktivitetsparken, 25. mai 2026, 16:08, +11C (Voss)

VANNSTANDSSØYLER
FLAUMTOPPAR PÅ VOSS

Vossevangen er ei bygd som ligg tett på naturen. Viktige og flotte naturverdiar er knytt til Vangsvatnet og Vossovassdraget.

Den mektige naturen skaper og utfordringar. I periodar med mykje nedbør og vassmelting fører alle dei kringliggande fjell og elvefar, med seg mykje vatn. Brandalselva og Raundalselva samlar alt vatn inn til sentrum og Vangsvatnet. Voss har opplevd fleire flaumar opp gjennom tidene.

Den høgste kjente registrerte vassstanden på Vossevangen er frå 5. desember 1743. Vatnet sto då 1.2 m over kyrkjegolvet i Vangskyrkja. Eit merke på kyrkjemuren syner at vassstanden var på 55,54 moh. Dvs 4,24 m over toppen av den høgste søyla.

Vannstandssøylene syner nokre flaumnivå i Vangsvatnet:

  • 48.30 moh – 4. september 2005
  • 48.50 moh – 14. mai 2000
  • 49.20 moh – 27. oktober 1995
  • 51.30 moh – 28. oktober 2014

Flaumgrense er ei fastsett kotehøgde som styrer kor du kan etablere tiltak. Storflaumen i 2014 flytte flaumgrensa for Vossevangen til 53,2 moh. Det tilsvara 200-årsflaum inkludert 40 % klimapåslag. Store delar av sentrum ligg i dag under denne flaumgrensa. Flaumkota på 53,2 moh ligg 0.9 meter over høgste vannstandssøyla frå 2014.

Høg vasstand nedanfor Aktivitetsparken, 25. mai 2026, 16:06, +11C (Voss)
Aktivitetsparken, her blir ein våt om ein prøver seg, 25. mai 2026, 16:06, +11C (Voss)
Høg vasstand nedanfor leike/treningsparken, 25. mai 2026, 16:04, +11C (Voss)
Vangsvatnet mot Tyrlingen, 25. mai 2026, 16:09, +11C (Voss)
Vangsvatnet mot Gossland og Hellesneset, 25. mai 2026, 16:07, +11C (Voss)
Vangsvatnet mot Voss Kulturhus og Voss Stasjon, 25. mai 2026, 16:07, +11C (Voss)
Langs Vangsvatnet mot Voss Kulturhus, Voss Stasjon, Voss Gondol og Park Hotel Vossevangen, 25. mai 2026, 16:07, +11C (Voss)
Tvinne og Tvinnefossen, 25. mai 2026, 16:30 (Skulestadmo)
Tvinne og Tvinnefossen, 25. mai 2026, 16:30 (Skulestadmo)

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *