Regn i strie straumar har prega dagen i dag, dett har gjeve høge vasstandar mange stader.


VANNSTANDSSØYLER
FLAUMTOPPAR PÅ VOSS
Vossevangen er ei bygd som ligg tett på naturen. Viktige og flotte naturverdiar er knytt til Vangsvatnet og Vossovassdraget.
Den mektige naturen skaper og utfordringar. I periodar med mykje nedbør og vassmelting fører alle dei kringliggande fjell og elvefar, med seg mykje vatn. Brandalselva og Raundalselva samlar alt vatn inn til sentrum og Vangsvatnet. Voss har opplevd fleire flaumar opp gjennom tidene.
Den høgste kjente registrerte vassstanden på Vossevangen er frå 5. desember 1743. Vatnet sto då 1.2 m over kyrkjegolvet i Vangskyrkja. Eit merke på kyrkjemuren syner at vassstanden var på 55,54 moh. Dvs 4,24 m over toppen av den høgste søyla.
Vannstandssøylene syner nokre flaumnivå i Vangsvatnet:
- 48.30 moh – 4. september 2005
- 48.50 moh – 14. mai 2000
- 49.20 moh – 27. oktober 1995
- 51.30 moh – 28. oktober 2014
Flaumgrense er ei fastsett kotehøgde som styrer kor du kan etablere tiltak. Storflaumen i 2014 flytte flaumgrensa for Vossevangen til 53,2 moh. Det tilsvara 200-årsflaum inkludert 40 % klimapåslag. Store delar av sentrum ligg i dag under denne flaumgrensa. Flaumkota på 53,2 moh ligg 0.9 meter over høgste vannstandssøyla frå 2014.








