Velkomen til VossNow/FotoVoss
Denne sida er i første rekke vigd til bilete frå Voss og omland. Nesten dagleg vert det lagt ut nye bilete med ulike motiv frå daglegliv, gateliv, fjell, landskap, flora og fauna. Sidan starten i 1996 har over 151.000 bilete vorte lagt ut.
Ny publiserings platform vart teke i bruk 01.01.2021.
Har no teke WordPress i bruk til å publisere bilete med, dei gamle bileta frå VossNow sida finn du med å søke på bileta der du og kan søke på dato.
Søking.
Har lagt inn to måtar å søke etter bilete på, ein for bilete lagt inn før 2021 og ein for bilete lagt inn etter 2021.
Den fyrste måten kan du og bruke på alle bileta, men tungvindt å finne eit bestemt bilete lagt inn etter 2021 då du berre får opp eit bilete før du opnar opp sida/inlegget der du finn alle bileta og det du søkte på/etter.
Heile foto arkivet på meir enn 153.000 bilete er no søk-bart og vert oppdatert fortløpande.
Den gamle VossNow sida fungerte dårleg på Nettbrett og Smart telefonar, og søke systemet var svært tungvindt å oppdatere.
Å få heile bilete arkivet søk-bart i WordPress frå Microsoft Access vart litt meir komplisert enn eg trudde.
Mellom anna fekk eg ikkje til å få med klokkeslett og temperatur, men på dei nyare bileta er iallfall klokkeslett med på sjølve biletet.
Men no er iallfall arkivet lett å oppdatere og vedlikehalde.

Svein Ulvund vart kåra til Årets namn 1999 i avisa Hordaland. Han fekk prisen for arbeidet sitt med å fotografera landskap og daglegliv på Voss og leggja bileta ut på Internett. Ulvund har publisert over 5.000 bilete, som vert mykje brukte av både utflytta vossingar og folk verda over. Hobbyen har gjeve Voss stor merksemd, og innsatsen hans vart klart verdsett av lesarane, som røysta han fram til ein suveren vinnar.

Svein Ulvund fekk Hjortetakk-prisen frå Voss kommune (2004) for den store innsatsen han har gjort med å dokumentera Voss gjennom foto på Internett. Han har lagt ut over 20.000 bilete som vert brukte av menneske over heile verda, og arbeidet hans vert sett på som viktig både kulturelt og som reklame for bygda. Ulvund har drive med dette nesten dagleg sidan 1996, og brukar mykje av fritida si på å fotografera og publisera nye bilete.

Svein Ulvund fekk Årets Eldsjelpris 2025 for det mangeårige arbeidet sitt med å dokumentera Voss gjennom foto på nettstaden VossNow. Sidan 1996 har han lagt ned eit enormt frivillig arbeid med fotografering, sortering og publisering av bilete frå bygda, noko som har stor verdi både kulturelt og historisk. Juryen peikar på innsatsen hans som eit unikt dokumentasjonsprosjekt som kjem heile lokalsamfunnet til gode, og Ulvund sjølv seier prisen kom som ei stor og uventa overrasking.