31.12.2020 – Skjor (Hangurslia)

Skjor i Hangurslia (Skjoratreet, Skjoratræet, Skjorabardet, informasjon) (Voss)

Skjor, 31. desember 2020, 14:00 (Skjoratreet, Skjorabardet, Hangurslia, Voss)

Lekve

Bruk 137. Skjoratræet. Utskilt frå bruk 1 i 1917 med skyld 1 øre. Selt til distriktslækjar B. Lærum, som selde att til Eirik V. Mølster. Han let det att 1926 til versonen Per O. Ringheim.

Bruk 138. Skjoratræet. Skilt frå bruk 1 i 1917. Skyld 3 øre. Eigarar som bruk 137. Skjoratræet ligg på Hangur ovanfor Mølster.

Voss Prestegard

Millom sokneprest Jørgen Harboe og Jens Nordahl var det åstadsak i 1732. Det var Nordahl som hadde stemnt. Retten var sett på Lekve den 25. august. Saki vedkjem mest heimeeigedomar, men då stølsrettar og er umtala, tek me likevel meldingi um saki her. Det gjeld for det fyrste 3 spann «smørs leie» i åker og eng, som skal høyra til Lekve av Prestegarden sin åker og engmark. Nordahl gjorde dessutan krav på ein teig «Axelspandet», påstod å ha noko rettar i «Moen», at Prestegarden ikkje åtte noko i Tungeteigen og heller ikkje hadde rett til å støla på Skjor, men berre på stølen Hangur. Rettsmøte vart haldne i fleire dagar. Det var ført vitne og halde grensegang for Prestegarden si innmark, og merkeskili vart retta. Nye merkesteinar vart sette, og det vart greidt ut um åkrar og slåtteteigar.

4. september 1732 vart sagt dom. Deri heiter det m. a.: Av ein heimtingsdom 25. april 1710 og lagtingsdom i Bergen 17. desember s. å. – – båe framlagde i original – går det fram, at 3 spann smør i Lekve i 1689 ved arv var kome til borni åt sokneprest Miltzow og «foruden at disse børn ikke er frakjendt deres odel, er, – for di disse 3 spand under Vangens Prestegaard indengjerds er beliggende og brugt, – tilkjendt rettigheder deraf, af daværende sogneprest, nu afgangne hr. Niels Weinwich, at svares. Men bemeldte laugtingsdom siger dog at de 3 spand (som da er vorden paasøgt af Vangens Prestegaard at faa udstenet og separeret) ved Prestegaardens brug skulde forblive og ikke derfrå adskilles, saasom de af alders tid af under Prestegaarden haver lagt og været brugt». Desse 3 spann hadde vore brukte både av Gjert Miltzow og av ettermennene i embetet inntil mag. Harboe vart sokneprest på Voss, imot at dei skulde svara vanleg bygsel-leige til Lekve. Løytnant Nordahl, som var gift med Gjert Miltzow si dotter, Kristense, påstod no at Harboe skulde bygsla desse 3 spann. Harboe vilde at dei skulde verta skilde ut frå Prestegarden og lagde til Lekve og hadde fått resolusjon 28. august 1731 frå stiftsbefalingsmannen, at det skulde verta «forsvarlig besigtigelse og skifte herudi mellem Prestegaarden og Lekve». Deretter hadde Nordahl stemnt for å få dei 3 spann Utskilde og dessutan ein teig kalla «Allehelgens- eller Axelspandet, hvilket stykke ager og engmark» Nordahl hadde fått skøyte på 24. april 1731 frå tidlegare kapellan Morten Ruus. Spursmål vedkomande utmarki vart og teke med under saki. To av vitni fortalde, at dei hadde høyrt at åkeren Øvre-Tyrlingen og Lekves-forskotet var komne frå Lekve bruk, men i domen er sagt at retten hadde ikkje fått «tilforladelig» upplysning um det.

Retten fann ut at Prestegarden brukte 26½ saldså åker. Derav skulde Nordahl for dei påstemnde 3 spann få 3¾ saldså, nemleg Tunåkeren (vestanfor bustadhuset åt Nordahl), Lekves-forskotet og austanfor det eit stykke av Leiråkeren. For 3 spann smørs engmark fekk Nordahl av Prestegarden den sokalla Lekvesmyri og engmarki som Prestegarden hadde brukt ovanfor Lekve. «Axelspandet» har visstnok høyrt til Prestegarden, heiter det, men etter di det fyrr er utsteina frå Prestegarden og Nordahl har skøyte på det, so får han bruka det. («Det vedkommer ikke denne sag», er det tilført.) «Al Moen fra nederst og øverst til Prestegaardens kværnhustufter og den der liggende store bro, alt under Lekveshammer, bør med hølen og fiskeriet alt til midterste dyb i Vosseelven» vera Prestegarden sin eigedom. – Det er vidare sagt i domen at Prestegarden har forutan Hangur havt «anpart i Bjerget» og havt sel på Skjor og må framleides «kunne bruge sine sælstufter og af stølsbruget det som tilforn har været brugt». Det vart upplyst av vitne, at stølen Hangur var ovanfor Skitset. – Tyrlingteigen høyrde til Prestegarden. – Tungeteigen skulde vera til «fælles brug» for Lekve og Prestegarden. – – Nordahl vart pålagd saks-kostnader. Prestegarden slapp det.


Eit lite stykke ovanfor Skjor ligg restar etter den gamle vårstølen til Rogne; Kringlo.

Kringlo, vårstøl til Rogne, 10. oktober 1999 (Kringla, Hangurslia, Voss)

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.