02.08.2025 – Yksendalen – Nesheimsnipa

På tur frå Yksendalen til Yksendalstølen og Nesheimsnipa.
Turen opp gjekk på mellom anna 1000 trappetrinn.

Yksendalen – Yksendalstølen

Yksendalen, 02. august 2025, 11:57
Yksendalen, 02. august 2025, 12:04
Yksendalen, 02. august 2025, 12:05
Yksendalen, 02. august 2025, 12:05
Her startar stølsvegen til Yksendalstølen og Nesheimsnipa.
Yksendalen, 02. august 2025, 12:05
Plakett med takk for støtte til utbetring av stølsvegen.
Oppe ved Hamrane, 02. august 2025, 12:11
Hamrane, 02. august 2025, 12:11

Hamrane er ein del av heimehagen, og her beitte både sauer, geiter og kyr, og sauer beiter her framleis. Graset var næringsrikt og smakfullt med mykje urter, og hadde betre kvalitet enn graset på innmarka. Det var mest ikkje skog her i eldre tider, grunna hard beiting og mykje vedhogst.

Frå Hamrane har du god oversikt over Yksendalen gard. Yksendalen var i istida, for 9000 år sidan, ein breoppdemt innsjø. Smeltevatnet rann ut mot vest, i eit pass mot Fagerdalen i nord. Der er det spor den dag i dag i form av bresjøavsetningar og mykje sand i grunnen. Ein reknar at garden er meir enn 1500 år gammal. I 1816 var det gjort funn av ei vikinggrav i Yksendalen, datert til år 900 e.Kr. Det vart funne fleire smykke og arbeidsreiskapar, og noko av dette er utstilt på Historisk Museum i Bergen

Hestahjellen, 02. august 2025, 12:17

Yksendalen hadde mange utmarksslåtter – også kalla utslåtter, over 20 på det meste, og i dei fleste var det godt fôr. Nokre slo dei ein gong kvar sommar, andre to gongar. Haustslåttene slo dei annankvart år. Når dei slo graset i utmarka var dei borte heile dagen, ofte til langt på kveld. Dei hadde med bleng til drikke (ei blanding av surmjølk og vatn) og mykje mat, kokte kaffi på bål og tok seg gjerne ein lur i utløa.

Ei av utmarksslåttene var her i Hestahjellen, og høyet vart bore heim på ryggen eller frakta ned med løypestreng. Ei høybør var 40–50 kilo. Graset vart tørka enten i hesjer eller på bakken; «breitla». På dei mest utilgjengelege utslåttene vart høyet lagra i markaløer eller sett i stakk, og drege heim på snøen om vinteren. Berre ei markaløe er att på garden no, og den er restaurert i 2021.

På veg oppover mot Kvikebu, 02. august 2025, 12:23
På veg oppover mot Kvikebu, 02. august 2025, 12:24
På veg oppover mot Kvikebu, 02. august 2025, 12:26
På veg oppover mot Kvikebu, 02. august 2025, 12:26
På veg oppover mot Kvikebu med utsyn mot Yksendalen, 02. august 2025, 12:30
På veg oppover mot Kvikebu med utsyn mot Yksendalen, 02. august 2025, 12:30
På veg oppover mot Kvikebu, 02. august 2025, 12:31
Kvilebu, 02. august 2025, 12:33
Kvilebu, 02. august 2025, 12:34
Yksendalen sett frå part ved Kvilebu, 02. august 2025, 12:35
Kvilebu, 02. august 2025, 12:35
Kvilebu, 02. august 2025, 12:36

Utsikta herifrå kan ta pusten frå deg, berre sjå! Det første bygget her vart sett opp for å hysa motoren til løypestrenger som vart etablert rundt 1930. Her var fleire løypestrenger i området, og den lengste gjekk heilt ned i Yksendalen, 500 m i luftlinje. Det var eit stort framsteg då løypestrengen kom, den gjorde det mykje lettare å frakta ting opp og ned til Kvile. Vidare innover til og frå stølen nytta dei kløvhes, eller båt over Skogalivatnet, og om vinteren drog dei tung last på slede over isen.

Kvilebu ligg svært utsett til, og det første huset som var sett opp bles ned i ein vinterstorm. Bygget vart flytta hit det står no, og var til nedfalls i mange år. Kvilebu vart rehabilitert i 2019 og er no kraftig forankra i fjellet.


Biletparti mellom Kvilebu og Yksendalstølen, 02. august 2025, 12:43