02.08.2025 – Yksendalen – Nesheimsnipa

Yksendalstølen – Nesheimsnipa

Yksendalstølen, 02. august 2025, 16:29
Yksendalstølen, 02. august 2025, 16:22

Gardsdrifta i Yksendalen og etter kvart også stølsdrifta, vart teken opp att kring år 1700 etter å ha lege nede sidan Svartedauden i 1349. Stølen har vore mykje nytta til geitasti, men her var også kyr, sauer og grisar. Det var vanleg å leiga både gjetar og budeie til hjelp på stølen. Der var gjerne også ein budeiebalt; eit større barn/halvvaksen gut/jente som hjelpte budeiene med arbeidet. Det hende også at eigarane leigde geitahagen bort til andre, og då kunne det vera 160–170 geiter her, såkalla dobbelt sti. Geitemjølka vart foredla til ost som vart kløya til Kvile og sendt heim i Yksendalen på løypestreng. Ikkje sjeldan tok Yksendalen hyreky frå andre gardar som var opp-rådd for budeie. Kyramjølka vart separert, og fløyte og mjølk vart sendt heim til garden der dei kinna smør. Skummamjølka vart nytta som fór til grisane som gjekk i «Grisatona», ei stor fjellhylle – «to» – ovanfor stølen som utgjorde ei naturleg innhegning.

Stølslivet var både stritt og fritt. Det gjekk mykje tid med til handmjølking to gonger om dagen og alt arbeidet som fylgde med, mellom anna ysting. Budeiene budde på stølen heile sommaren, og fekk ofte besøk av folk frå garden som sprang opp på stølen etter at gardsarbeidet var ferdig for dagen. Folk som var på andre stølar kom også på besøk, ikkje minst i helgane. Høgdepunktet var å få servert rømmekolle. Stølen var ein friplass! Stølsdrifta heldt fram til 1960. Aslaug og Torbjørn Brøvik var dei siste som støla her.

Yksendalstølen, 02. august 2025, 16:20
Yksendalstølen, 02. august 2025, 15:19
Trepper bak Yksendalstølen, 02. august 2025, 15:20
Trepper mellom yksendalstølen og Nesheimsnipa
Trepper mellom Yksendalstølen og Nesheimsnipa, 02. august 2025, 16:06
Trepper mellom Yksendalstølen og Nesheimsnipa, 02. august 2025, 16:06
Utsyn ned mot Yksendalstølen frå parti på Kvitafjellet, 02. august 2025, 15:43
«Svevesteinen» på Kvitafjellet, 02. august 2025, 15:38
Trepper mellom Yksendalstølen og Nesheimsnipa, 02. august 2025, 15:26
Trepper mellom Yksendalstølen og Nesheimsnipa, 02. august 2025, 15:25
Trepper mellom Yksendalstølen og Nesheimsnipa, 02. august 2025, 15:23
Nesheimsnipa 1035 moh., 02. august 2025, 15:15
Nesheimsnipa 1035 moh., 02. august 2025, 15:11
Nesheimsnipa 1035 moh., 02. august 2025, 15:10
Nesheimshorgi 1035 moh., 02. august 2025, 14:19
Utsyn frå parti på Nesheimsnipa mot Nesheim, Nesheimsvatnet og Bergovatnet, 02. august 2025, 14:27
Utsyn frå parti på Nesheimsnipa mot Nesheim, Nesheimsvatnet og Bergovatnet, 02. august 2025, 14:27
Utsyn frå parti på Nesheimsnipa mot Nesheim og Nesheimsvatnet, 02. august 2025,