30.04.2017
Vikøyri (Vik kommune) (April 2017) (Informasjon)
Vikøyri kulturvandring
Den 16. juni 1838 byrjar det å brenne, hjå ein handelsmann på Vikøyri. 294 hus strauk med og 81 huslydar med 333 personar vart huslause. Det hadde vore ein turkesommar. På 4 timar var so å seia alt brennande på Vikøyri lagt i oske. Det gjekk ikkje tapt menneskeliv, men eigarane leid store tap. Kommunestyret løyvde pengar til oppatbygying og skreiv ut ekstraskatt.
19. januar 1922 braut det ut brann i ei varebu. Det var sterk vind, og 33 hus brann ned. I tillegg vart fleire bustadhus og andre bygningar skadde. Ein del av husi var ikkje branntrygda. Brannvernet var dårleg utstyrt men greidde å hindra at det tok fyr i Hopstock hotell. Alle husi som ligg ved hovudgata vart bygde oppatt. Det vart store bygg med forretning i fyrste og bustad i andre etasje.