foto97925.jpg

27.12.2016

Monument av Lars O. Kindem (1856-1938) ved Mølstertunet (Desember 2016) (Informasjon)

Reist av vener med Anders Ullestad i brodden, avduka 13, Oktober 1946 av Mads Haga.

Monumentet er ein heilfigur av Lars Kindem uthoggen av ei granittblokk av Ståle Kyllingstad. Lars Kindem var fødd på Kinne 27. januar 1856 av foreldra Olav Larsson Kindem og Ingebjørg Larsdotter Takla, og vaks opp der. Dei flytte seinare til Bryn, der bestefaren i 1869 kjøpte bruk 2. Faren hadde også huseigedom på Vangen.

1 1882 fekk Lars Kindem skøyte på eigendommen på Vangen og året etter også på garden på Bryn. Garden selde han tre år seinare.

Lars Kindem gifte seg i 1882 med Guro Torgeirsdtr. Dagestad. Dei fekk to born, dottera Ingebjørg, seinare gift med presten Torleiv Farnes og sonen Olav, som døydde som barn.


Lars Kindem var ein stillfarande mann, men ein mann som nytta tida si vel. Han var eit arbeids jarn som ein sjeldan finn maken til. Kindem hadde eit vake auga for nye tiltak, og sidan han levde i ei tid med store omveltingar i samfunnet og i bygda fekk han bruka kreftene på å få slike tiltak gjennomførde. «Kinna-Lars», som han vart kalla, hadde ein finger med i det meste i Vossabygda, som forretningsmann, bygdepolitikar og lokalhistorikar.

I 1880-åra dreiv han landhandel og bokhandel på Vangen, og nokre år også meieri. Han sette seg opp forretningsbygg ved kyrkja (der Ivar Dyrdal driv i dag) med bustadshus attanfor (Lærum-huset). Han selde landhandelen i 1898 og bokhandelen i 1911.

Kjelde: Minnesmerke skulpturar og relieff i Voss Kommune av Voss Rotary Klubb.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *