foto94564.jpg

29.05.2016

Hedleberget Opning av kultursti – Museet med infotavle (Kyte Norheim Voss) (Mai 2016)

Museet

Denne hytta, som no blir kalla museet, var opphaveleg skantehytta til Sivert Ness og seinare Hermann Stornes. I museet har me samla mykje verktøy og reiskap som er blitt nytta i skiferdrifta opp gjennom tidene. Her kan ein sjå bor, slegger, kilar, skantar, skantesakser og mykje meir.

Museet er ope for omvising og orientering til faste tider. Kontakt Interessegruppa for evt avtale (heimeside: www.Hedlebergetvoss.no).

På andre sida av vegen ser me skiferbenkane på Fjoseteigen. Lagdelinga i fjellet og dei ymse gaorene er tydelege å sjå i den høge bergaveggen.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *