foto94543.jpg

29.05.2016

Hedleberget Opning av kultursti – Ved Vælesbertet Infotavle (Kyte Norheim Voss) (Mai 2016)

Vælesberget

Frå ca 1900 budde Peter J. Johanson (1854-1930) her på Vælesberget saman med kona si Dordi Verpelstad (1860-1923). Peter J. Johanson var fødd i Kalmar Læn i Sverige, og Dordi var frå Verpelstad i Bruvik.

Peter arbeidde ei tid på Vossabanen, fram til den vart opna i 1883. Då han byrja på Hedleberget hadde han fyrst benk på Løno hjå Ola Løne. 11899 fekk han benk på Nedkvitnesberget hjå Anders Nedkvitne, og i 1904 fekk han benk på Norheimsberget hjå Brynjulv Norheim. Der dreiv han sidan. Han hadde mange menn i arbeid, på det meste 22 stykk. Peter var kjend for å vera ein dugande drivar, og for å levere fin og god stein. Peter og Dordi fekk eit barn, Johanna Sofie.

Johanna Sofie Johanson (1881-1959) var fødd på Dalseid i Bruvik, og gifte seg med Moses Hårklau (1887-1962). Moses var frå Haukedal i Sunnfjord. Johanna arbeidde mange år saman med far sin på Hedleberget. Ho skanta so godt at ho fekk premie for godt arbeid hjå Voss Skiferbrud AS.

Moses Hårklau byrja på Hedleberget i 1907, og frå 1911 dreiv han eigen benk på Nedkvitne. Seinare dreiv han benk på Norheim saman med verfar sin, Peter Johanson. Moses og Johanna Sofie overtok huset her på Vælesberget etter fpreldra hennar. Saman fekk dei borna Petter og Andreas.

Både Petter og Andreas Hårklau gjekk i foreldra sine fotspor og byrja på Hedleberget. Dei vart begge benkedrivarar, og særs dugande i faget. I tillegg var dei gode skiløparar i ungdomen. Andreas har til og med vunne kongepokal i kombinert langrenn og hopp.

Petter og Andreas busette seg like nedafor Vælesberget, der som det i dag heiter Reppavegen.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *