foto94531.jpg

29.05.2016

Hedleberget Opning av kultursti – Det Nye Dynamitthuset (Kyte Norheim Voss) (Mai 2016)

Gamle dynamltthuset
Det grå murhuset til venstre, er det gamle sprengstofflageret, der det vart lagra krut, fenghetter, lunter og dynamitt. Lageret vart seinare flytta til eit nytt hus ca 300 m lenger inne i skogen mot Nedkvitne, av tryggleiksgrunnar. Det var butikken på Norheim som hadde ansvaret for innkjøp av sprengstoff og tennarar, og leverte dette vidare til benkedrivarane. Dei måtte ha rekvisisjon frå lensmannen for å få henta dei eksplosive varene.

Smeden sin do
Rett bak dynamitthuset står framleis smeden sin do, der han kunne «tre av på naturens vegne».

Borehuset og smldja
Det kvite murhuset er borehuset, eller smidja som mange kalla det. Her arbeidde smeden. Kornelius Mandelid var smed her før han flytta på Vangen, og starta eiga smidje der. Etter han overtok broren Elias, og han var her den lengste perioden. Etter Elias overtok Nils B. Repål. Han styrde både smidja og kompressoren som leverte trykkluft til Hedleberget. Nils B. Repål hadde også ansvaret oppe i Toni, der maskineriet til løypestrengen mot Kløve stod.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *