16.05.2016
Restar etter dei gamle talkum gruvene ovanfor Lee (Framfjorden) (Mai 2016) (Informasjon)
Talkumindustrien var ei viktig næring for folket i Arnafjorden i nesten 100 år (1908 – 2003) og sysselsette på det meste over 100 mann. Gruveanlegget på Lee, Gamlegruva, var det største og i drift frå 1908 til 1956. Hovudgruva med fleire mindre gruver var i si tid ei av dei største talkumgruvene i Europa. Frå gruva, ca 400 m.o.h., vart malmen frakta med taubane til talkummølla nede ved fjorden.
Framleis kan ein sjå gruveopninga, taubanehuset, transformatoren, smia og brakka som minnesmerke etter den store aktiviteten her i Gamlegruva gjennom nesten 50 år.