24.04.2016
Undredal kyrkje (April 2016)
Undredal kyrkje vart bygd i mellomalderen som stavkyrkje. Eit årstall funne hogd i ein bjelke i kyrkja, gjer at ein set byggjeåret til 1147. I dag er ho bordkledd og kvitmåla, og er framleis i bruk.
I jordeboka Bergen Kalvskinn står det skrive at soknepresten i Undredal, Pål Bårdson vart utnemnd til biskop i Nidaros i 1321. Kyrkja har omlag 40 sitjeplassar. Ljosekrona med dei fem utskorne dyrehovuda er truleg frå mellomalderen. Preikestolen har årstalet 1696. Dei to ljosestakane av messing som står på alteret er frå året 1702. Kyrkja i Undredal er av dei få i landet der ein står inne på kyrkjegolvet og ringjer.
I 1962 vart kyrkja restaurert. Minst tre lag overmåling vart vaska bort og ein fann den gamle limfargedekoren som hadde vore gøymt i lange tider. Veggene er stort sett dekka med fint måla ranker og det kvelva taket med stjerner og figurar.
Kjelde: Undredal Grendalag