15.03.2016
Jotunheimen frå Bakkanosi 1396 moh. (Mars 2016) (Informasjon)
Her ser me nokre av fjella mellom Utladalen i Årdal og Tyin/Bygdin. Frå venstre har me først nordtoppen av Urdanostind, denne toppen vert kalla Slingsbytoppen (2026) men han har sjeldan namn i kartverket. Deretter kjem Stølsnostind (2074) og sjølve Urdanostind (2157). Som biletet viser er toppegga flat, men ho er ganske smal. Midt i mot oss har me Stølsnosbreen med Mjølkedalstind (2137) midt på ryggen bak breen. Frå høgre kant av breen stig Falketind (2067) opp.
Helt til høgre ligg Hjelledalstind (1989). Den store ryggen i bakgrunnen mellom Falketind og Hjelledalstind, er Raudalseggi (2168). Den djupe dalen rett under Falketind er Morka-Koldedalen. Han lagar ein snøggveg mellom
Tyin-Koldedalen og Vetti. Men det er ikkje merka rute gjennom denne dalen på grunn av terrenget som kan opplevast som vanskeleg og farleg.
Atle Romøren