20.07.2014
Melderskin 1426 moh. med Store Laurdalen og Laurdalstind til venstre (Rosendal) (Juli 2014)
Melderskin 1426 moh.
Uttalen vert Meldersjinn. Den vanlegaste tolkinga av namnet fortel oss at førstelekken melder er eit norrønt ord for mjøl. Sistelekken er hokjønnsordet skin av verbet å skine. Namnet vert då: Fjellet som skin (med ljoske, glans). Liknamentet skal vera (ny)snøen som lyser opp toppen og reflekterer solljoset, særleg om hausten. Frå vestsida av ‘fjorden er dette synet endå meir praktfullt.
Bergarten er for det meste prekambrisk granodioritt, grunnfjell. Platået øvst er ein rest av ei «Hardangervidda» frå først i tertiærtida, ca 70 millionar år attende. Frå varden ser vi det sørlegaste alpine området i Norge, med dei ville Bjørndalstindane i aust.
Melderskin er det mest dominerande fjellet i Sunnhordland, og vidare med. Dei trauste profilane er lette å kjenna att same kva kant ein ser ‘fjellet frå.
Johannes Falkenberg målte inn det første trigonometriske punktet på Melderskin i 1856. Då vart truleg ein rund varde oppsett. Seinare var Melderskin utpeika til 1. ordens hovudpunkt for trianguleringa av Sør-Norge. August 1913 vart Melderskin målt inn på ny av J. Meinick. Han var også arkitekten for den varden som framleis står på toppen.