20.07.2014
Holo og Kvinnheradsfjorden sett frå parti på Melderskin (Rosendal) (Juli 2014) (Informasjon)
Holo (uttalast Halo) er namnet på den store flatbotna kvelvingen under Melderskin 1426 moh. I aust er eit langt band grensa mot Laurdal, og i sør ligg heimsta Melderskin 1328 moh.
Holo låg over innlandsisen gjennom heile siste istida, og hadde sin eigen vesle bre då. Valkar og steingroper fortel om prosessar som har verka i lausmassar og stein, like til vår tid. For nokre tiår sidan kunne snøen liggja over til neste vinter i halla. No skjer det svært sjeldan.
På ettersommaren kan sauer beita i Holo. Er vi heldige, kan vi sjå hjort, kongeørn og fjellvåk. Om hausten hender det at store flokkar fjellryper slår seg ned i skråningane.
Artillerikaptein J. Meinick med hjelpesmenn bygde varden på Melderskin i 1913. Dei hadde lægeret sitt i inste Holo. Der var det rennande vatn og bra lunt.