08.08.2013
Slaggklump etter jernutvinning ved Brileset (Vinje Jarnslagg) (August 2013) (Informasjon)
I nærleiken av selet på Brileset, attmed grova eit par hundre meter vest for selsbøen, ligg ein slagghaug etter jarnvinne. I 1990 vart det halde eit jarnvinneseminar på Voss Folkemuseum. Det vart då gjort utferd til jarnslagghaugane ved Markusteigen og Brileset. Prøva som vart teki frå Brileset-haugen, er seinare analysert ved NTH i Trondheim, og undersøkjinga viste at jarnvinna her er frå ikr. år 200 e. Kr.
Kjelde: Stølar i Vossefjell