foto78050.jpg

12.06.2013

Husmannsplassen Leite (Kjerbrekko) ved Eide (Bulken) (Juni 2013) (Informasjon)

På Leite eller Kjerbrekko var to plass. Odd Vikingson, 52 år gl., g. m. Ingebjørg Knutsdr. Bjørndalen, hadde det eine. Dei hadde fire born: Viking f. 1840, gardmann på Uppheim Vestb., Knut f. 1849, sjå bruk 23 på Lekve, Olav f. 1853, gardmann på Uppheim, Vestb., Eli f. 1855, g. m. Helge Ullestadteigen. Enkja Marta Steffadr., 70 år gl., hadde det andre plasset på Kjerbrekko. Mannen hennar, Jakob Erlingson, var frå Væte, hadde fått husmannsfeste i 1852 og døydde 1861. Både han og sonen Steffa dreiv mykje med bjøllearbeid og selde både innan- og utanbygds. Odd og Jakob rudde plassi sine frå nyo. Steffa Jakobson var gift 1869 med Sigrid Larsdr. Uppheim, Vestb. og døydde 1908. Dei hadde 10 born: Jakob, Lars, båe fødde 1870, Erling, Marta, Gusskalk, Brita, Nils, Anna, Steffa og Knut. Jakob og Lars har no plasset.

Kjelde: Vossaboki.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *