foto67543.jpg

17.11.2011

Veskre Info Tavle Info Skilt (Bordalen) (November 2011) (Informasjon)

«Dajen te å buføra heim frao stødl va komen og både kydna og folkje va rastlause.
Itte at dei hadde ete biskjen sette dei slaoen fø stølsdøræ fø sista gongjæ denne sumaren.

Dao dei va komme ne pao Goffararhaujen kom da plutslæ ei blaosvart kjyr og vilde slao fylje med dei andra. Ho hadde gollknappa pao hodne, og ei mjølkebytta hang pao høgra hodné hinna. Folkje skjønte straks at da va ei holdrakjyr, og dei jagde hinne vekk frao bølingjen. Dao haurde dei ei fin røyst so kom frao Goffarhaujen. Ho song: «Kom Fløyma, kom Fløyma, skjete ha’kje vet til å gløyma. Ho fløyma stoppa, og medan ho sto og saog ette bølingjen tridla stora taoro ne’itte kjakane hinna

Skrive slik Ingebjørg Herre Gjerald fortalte

«Segni fortel at det ei tid var berre ein buande mann på Jerald, og han hadde to døtre. Den eine vart gift til Songve og fekk halve Veskre. Systre budde på Jerald, og fekk den andre halvparten av stolen. I 1852 selde gnr 215/2 stølsretten sin til (Olav Litsheim) Tvilde. Dei selde den vidare til Akel Selberg på Bryn i 1925. 1 1869 kjøpte Marta Gjerald bruk 2 Jeraldstveiti (stolen Veskre). Bruk 2 Jeraldstveiti vart i 1910 overført til gnr 215/2 Før i tida var det so bjønnegjengt på Veskre og i Otehaugen låg alltid sjølvskot. I hedlebergje under Veskreshorgæ har vore flekt Hellor.

Kjelde: Vossaboki Gardsoga III Lars Kindem

«Dei eldre fortalde at det var så mykje skog i Vieren på den tid det var så bjønngjengt på Veskre. Dei brende ned Vieren og då kom det ut 7 bjørnar.

Det vart bygd veg til Veskre i 1974

 

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *