12.08.2011
Hopperstad Stavkyrkje (Vik kommune) (August 2011) (Informasjon)
Hopperstad stavkyrkje er ei kyrkje som ligg i utkanten av Vikøyri i Sogn. Kyrkja er mest truleg frå dei siste tiåra av 1100-talet og er ei treskipa søylestavkyrkje med 16 stavar. Kyrkja vart kjøpt av Fortidsminneforeininga i 1884 og med det berga frå den tiltenkte nedrivinga. I åra etter vart ho ført attende til middelalderutsjånad med støtte i Borgund stavkyrkje av arkitekt Peter Andreas Blix.
Kjelde: Wikipedia