foto65375.jpg

07.08.2011

Friluftsgudsteneste med dåp – Stølshelg i Tjødnarhovden (Oppheimsdalen) (Tjørnarhovden) (August 2011) (Informasjon)

Alle bileta frå denne stølshelga

Guri Sundsvoll fortel om stølslivet i Tjødnarhovden

Tjødnarhovden er garden Sundsvoll sin støl. Namnet kjem truleg av at selet ein gong i tida har lege utmed tjørna. Der kan ein sjå ei tomt der noko av murane står att. Der er og to oppkomer (kjelder), for vatn måtte det alltid vera i nærleiken av selet. Rett over, i nordvestleg retning, ligg fjellet Hovden. Namnet på stølen sa seg då sjølv, Tjødn + Hovden = Tjødnarhovden. Seinare vart det då bygt sel der det er no. Då var Sundsvoll eitt bruk og det vart oppsett ein nokså stor flor og eit knøttlite sel. Murane viser det, bilete av dette gamle selet har me diverre ikkje. Då garden Sundsvoll vart delt mellom brørne Ola og Anders, leigde dei budeie kvar sin sommar. I 1927 bygde dei kvart sitt sel slik dei er i dag. Guri fortel vidare:

«Eg var budeie på stølen og hadde borna med meg. Då dei voks til, måtte eg gå heim om dagane og vera med på onna. Så gjekk eg ut att i fem – tida om kvelden, batt inn kyrne og mjølka. Borna hadde då vore åleine på stølen heile dagen.
Dei måtte passa på at kyrne heldt seg der dei hadde lov å beita. Om morgonen var det så å mjølka og løysa kyrne og ta mjølka med til vegaskiftet (der mjølkebilen så frakta mjølka vidare) og koma seg av garde til ein ny arbeidsdag på
garden heime.»I fleire år var elles Brita M. Een budeie hjå oss. Då hadde ho og sine eigne kyr på stølen, og då var
dei største borna våre med henne. Seinare greidde dei største jentene alt mjølkestellet sjølve, så då var eg ut om kveldane og heim att tidleg om morgonen.»

Guri snakkar lite om kor hardt dette livet måtte vera (å gå nærare to mil kvar dag i tillegg til hardt arbeid heime og på stølen). Det ho snakkar om er kor kjekt stølslivet var. Ho minnest dei gode dagane då sola skein og ho hadde tid å setja seg ned og nyta den vakre naturen og dei enkle gledene på stølen.

Kjelde: Stølar og stølsliv på Stronde

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *