foto63832.jpg

05.06.2011

Bakka kyrkje (Juni 2011) (Informasjon)

Bakka kyrkje

Kyrkja er soknekyrkje i Nærøy sokn i Indre Sogn prosti og er ei trekyrkje frå 1859. Bygget er teikna av Christian Heinrich Grosch og er lite endra sidan ho var ny. Dette er den fyrste kyrkja på staden og ho vart sett opp på Bakka fordi det var midt i soknet. Før ho vart bygd sokna folket ved Nærøyfjorden og i Nærøydalen til Undredal stavkyrkje i Undredal ved Aurlandsfjorden.

Altartavla frå 1907 er måla av Nils Bergslien og har råme skoren av Magnus Dagestad. Ho viser Jesus i Getsemane.

Nærøy sokn er eit av dei minste i folketal, og det er såleis ikkje så mange som soknar til kyrkja. På den andre sida er kyrkja truleg mellom dei mest fotograferte i landet, der ho ligg så lageleg plassert for dei mange med fotoapparat om bord på turistbåtane som fer på Nærøyfjorden.

Kjelde: Wikipedia.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *