foto56945.jpg

13.06.2010

Strandalivegen langs Myrkdalsvatnet mellom Tveite og Sundve i Strandalii (Myrkdalen) – Ved «Gullagslotto» der ein kan finna Turboka (Gjesteboka) for Strandalivegen (Juni 2010) (Informasjon)

Vossestrand Sogelag fortel:

Myrkdalen er ei sentral fjellbygd mellom fjordane
Ei fjellbygd med mange gamle vegar.

Myrkdalsvegen frå Vinje langs elva og vatnet kom fyrst omkring år 1800.

Frå Steinalderen:
Dei fyrste var reinsdyrsjegrane som kom oVer fjellet og ‘kalla truleg dalen Mork dalen = skogdalen = no Myrkdalen

Frå Jernalderen:
Eldste gravhaug er Krosshaugen på Bygd frå omlag år 600 e.kr.

Frå Vikingtida:
Heile Voss skulle ved krig møte med 5 stykk «24 sessar langskip» Myrkdalen var ein del av «Holbygdar otting» som skulle stilla med om lag 50 mann, halvt skipsmannskap, på Bolstad, med våpen og mat for 2 månader.
Deler av segla til vikingskipa kom nok frå Myrkdalen, – og 20 hærmenn.

Frå Dansketida:
Tekstmeldingar: Melding frå prest eller fut på Vossevangen kom inni «Bodstikka», eit lite røyr med ein pigg i enden. Den gjekk som ein stafett-pinne innom alle hus i Holbygda over Sundve til Tveite i Myrkdalan og vidare til Vinjegrenda og attende til Vossevangen På eit dokument over folketeljinga i 1701 står det:
«Efter Budstichens Løb – Actum Vangen 20. sept. 1701»
På lista står Sundve, deretter Tveite.

«Strandalivegen», var eldste vegen (eller reitlevegen, bodstikkevegen?) til Holbygda, Vossevangen og Bolstad. Folk har gått vegen i minst 2000 år for nabobesøk, handel eller krig. Vossestrand Sogelag har rydda og merka den gamle Strandalivegen.
Går ein frå Sundve skule, kan ein «oppdaga» Myrkdalen på nytt. På vegen frå Tveite møter ein på Sundvesåsen storslått utsikt til Holbygda og Lønahorgi.

Ta del i fortida sett frå notida saman med Vossestrand Sogelag

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *