foto51172.jpg

30.07.2009

Opphem bru – Steinkvelvingsbru frå 1780-åra (Postvegen Kongevegen Oppheim-Vinje) (Oppheimsbrua) (Juli 2009) (Informasjon)

I 1647 kom det kongeleg påbod om offentleg postordning i Noreg. Postvegen blir i daglegtale kalla Kongevegen. Mellom Oslo og Bergen går den gjennom Valdres over Filefjell til Lærdal, Gudvangen, Voss til Bergen. Mellom Oppheim og Vinje vart vegen ombygd kring 1780 og etter den tids vegstandard med 3,7 m breidde. Vegen er stort sett intakt og som turgåar her passerar du fleire attraksjonar. Over Sundsvoll på Oppheim er det ei kvelvingsbru i stein. Eit godt døme på ny vegteknikk i Noreg tidleg på 1800 talet.

Kongevegen var i bruk som postveg fram til 1884. Til vanleg skulle det vera om lag 1 mil mellom kvar postgard med byte av hestar. I Vinjatunet var det skys-stasjon og postgard frå 1757. Stalheim var postgard frå 1647. Bøndene som budde på desse gardane hadde ansvar for postskyssen. Postbøndene hadde ein eller to postdrenger som etter 7 års teneste kunne sleppa fri frå militæret. Posten skulle førast fram med 1 mil i timen, og føringa gjekk både dag og natt. Post-skreppa skulle aldri vera i ro! Frå 1647 var det så lite post i skreppa at den kunne berast på ryggen. Etter kvart kom det betre vegar og posten gjekk med hest og vogn, og med slede om vinteren. Etter 18 84 kom det ny veg langs elva i Vinjadalen, der El6 no går. Frå 1909 då Bergensbana kom i drift gjekk posten med jernbane.

Frå Oppheim kyrkje er det 3 km på Kongevegen fram til mellomaldekyrkjegarden på Øvre Vinje, med utsikt over Vinje og Holbygda. Derifrå er det 1 km til buss og butikk.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *