foto46925.jpg

07.12.2008

Orkesteret Fossegrimen framfører «»Skapelsen»» av Joseph Haydn i Nain – Harald Bjørkøy (Desember 2008)

HARALD BJØRKØY (tenor) er frå Hemne i Sør-Trøndelag. Han debuterte som songar i 1982 og har vunne fleire prisar i både nasjonale og internasjonale songkonkurransar. Han er også tildelt Grieg-prisen. Bjørkøy har eit omfatande repertoar innan lieder, oratorier og opera. Han har gjesta ved Den Norske Opera. Hausten 2002 sang han rolla som Olav Tryggvason i Trønder-Operaen si urframføring av Hjalmar Borgstrøms opera «Thora på Rimol» frå 1894, eit verk som han var med og framførte på operaen i Oslo nå for eit par veker sidan. Bjørkøy har vore solist med alle dei norske profesjonelle symfoniorkestra, og han har hatt konsertar i ei rekkje europeiske land og i USA. Han har vore solist med Fossegrimen mange gonger tidlegare, sist gang i fjor i framføringane av Handels «Messias». Bjørkøy er professor ved Griegakademiet, der han underviser i song.
Orkesteret Fossegrimen framfører «Skapelsen» av Joseph Haydn i Nain.
Medvirkande: Trude Helen Binderø, Harald Bjørkøy, Øystein Skre og
Voss og omland kantori (VOK).
Dirigent: Dagfinn Rohde.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *