07.12.2008
Orkesteret Fossegrimen framfører «»Skapelsen»» av Joseph Haydn i Nain – Trude Helen Binderø (Desember 2008)
TRUDE HELEN BINDERØ (sopran) er frå Sandvika i Bærum, nå busett i Bergen der ho arbeider som free-lance operasongar. Ho tok utdanninga si ved Barratt Due Musikkinstitutt og Statens Operahøgskole i Oslo, der Anne Nyborg var pedagogen hennar. Binderø vart uteksaminert våren 2004, og ho debuterte i rolla som Michaela i Bizefs «Carmen» på Den Norske Opera. Ho har gjesta dei fleste operascenane i Noreg, og av roller ho har gjort kan nemnast Pamina i «Tryllefløyten», Zerlina i «Don Juan» og Susanna i «Figaros bryllup» av Mozart, Gilda i «Rigoletto» og Inez i «Trubaduren» av Verdi, og Flaminia i Haydns «Il Mondo deila Luna». I tilegg har ho eit breidt konsertrepertoar med verk som representerer ulike stilartar og tidsepokar, og ho har vore ein mykje nytta solist i ulike samanhengar. |
Orkesteret Fossegrimen framfører «Skapelsen» av Joseph Haydn i Nain.
Medvirkande: Trude Helen Binderø, Harald Bjørkøy, Øystein Skre og Voss og omland kantori (VOK). Dirigent: Dagfinn Rohde. |