03.12.2006
Fossegrimen i Nain – (Orkesteret Fossegrimen Voss og omland kantori framfører «»Messa di Gloria»» av Giacomo Puccini) (Desember 2006) (Informasjon)
Orkesteret Fossegrimen framfører «Messa di Gloria» av Giacomo Pucchini i Nain. |
VOSS OG OMLAND KANTORI – VOK – er knytta til Voss kyrkje. VOK vart skipa i 2002 og er ei vidareføring av det tidlegare Høgtidskoret. Det er meint som eit kor til bruk i kyrkjelege samanhengar, men som og kan ta på seg andre oppgåver, då gjerne utvida til eit større regionalt prosjektkor. M. a. var VOK med i Fossegrimen sine framføringar av Puccinis «Messa di Gloria» i 2002, i Handels «Messias» i 2003, i «Skapelsen» av Haydn i 2004 og i «Paulus» av Mendelssohn i fjor. I haust tel VOK rundt 60 songarar frå Voss, Vaksdal, Granvin, Ulvik og Aurland. Koret blir leia av kantor Lars Ragnvaldsen.
Orkesteret FOSSEGRIMEN er eit regionalt symfoniorkester for dei indre kommunane i Hordaland med sete på Voss. Det rekrutterer interesserte musikarar – amatørar og yrkesutdanna, unge og eldre – frå heile regionen, og det held regelmessige konsertar rundt om i kommunane. Fossegrimen starta opp alt i 1917, og dei siste 15-20 åra har orkesteret mest årvisst hatt større samarbeidsprosjekt med sangsolistar og regionale prosjektkor. Av framførde verk kan m.a. nemnast oratoria «Messias» av Handel, «Skapelsen» av Haydn og «Paulus» av Mendelssohn, Requiem i c-moll av Cherubini. «Messa di Gloria» av Giacomo Puccini framførde Fossegrimen første gongen i 2002. Dagfinn Rohde har vore fast dirigent og musikalsk leiar for orkesteret sidan 1991. |