09.08.2020
Minnetavle avduking på Gråsida som står ved T-ruta Timaglaset / Nansenbu (August 2020) (Informasjon)
Pernille Rieber avduka minnesteinen.
12 personar har i åra 1912-2019 ikkje overlevd turar på Grasida. Ein avgrensar då fjellområdet ved Hodnaberg i vest og Karaldenuten i sør.
Fire unge menn fraus i hel 7. september 1950. Dei hadde henta reinsdyrkjøt i Svortegili og vart overraska av uver på heimturen. Ei tre av dei vart funne. Tavla vart reist i 1953 til minne om minnetavle over desse står ved Slåttebakkatjørni, nær staden der.
Godskalk Songve – 25 år
Karl Bernhard Bø – 22 år
Kåre Stalheim – 16 år
Sverre Bygd – 16 år
Åtte andre personar har mist livet i ulike hendingar. Ei minnetavk over desse står på høgda ovanfor Nansenbu, langs stien Timaglaset. Tavla vart sett opp i 2020 til minne om:
Dagny Madeleine Rieber | 19 år Død 08.04.1912, Ulvaskaret. Overraska av uver på påsketur. Omkom av utmatting og kulde. |
Endre Tesdal | 25 år Død 28.09.1924, Smågiljane. Var på tur for å sjå etter sau og å jakta. Vart funnen nær 6 år seinare. Døydde truleg av av utmatting og kulde. |
Halle Hjelle | 17 år Død 22.12.1926 i heimen. Fall på Hindartveit etter skitur på Gråsida. Døydde av indre blødningar nokre dagar seinare. |
Martin Væleslidi | 32 år Død 23.02.1931, Skjemmene. Var på snarefangst. Vart teken av og omkom i ei snøskreda. |
Nils Grønlien | 24 år Død 15.09.1950, Storavatnet. Fall utfor eit berg, hamna i vatnet og drukna, Vart funnen året etter. |
Bjarne Brandseth | 57 år Død 25.03.2006, Raudberg. Døydde brått på skitur. |
Arnhild Rong | 65 år Død 21.08.2018, Ulvaskaret. Var på veg til Gråsidetoppen. Glei på snøfonn og døydde av skadar ho fekk i fallet. |
Arne Kvarekvål | 78 år Død 19.04.2019, Bjørgaknausen. Døydde brått på skitur. |