foto112841.jpg

25.04.2020

Sivlevegen 3 (Lunden 28/47) vert snart historie (Voss) (April 2020)

Bruk 28. Lunden, ved Sivlevegen. Skilt ut frå bruk 1 i 1883. Kommandersersjant Eirik A. Rogne bygde tohøgda bustadhus der, han var fødd 1850, gift med Ingjerd Ullestad, døydde 1916, og hadde borni Anna, fødd 1887 og Anders, fødd 1890. Dei fekk huset etter foreldri og fekk skøyte på tufti frå Fleischer, etter at det i 1922 vart fråskilt bruk 178. Skyld på tufti er no 3 øre. Anders er adjunkt i Oslo. Johannes I. Ygre kjøpte eigendomen i 1932. Han er fødd 1881, gift med Kari Torsteinsdr. Lirhus og driv meklarforretning.

Kjelde: Vossaboki band I, av L.Kindem

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.