foto109854.jpg

24.08.2019

Potten stølar mot Voss (Mønshaugen Voss) (August 2019) (Informasjon)

Potten ligg sørvest på Håraldsdalen nedanfor Saoto. Det er frå gamalt Skjerve og Møn som har hatt støl på Potten. I ei rettssak frå 1670 er det nemnt at Skjerve har støl her. Stølsvegen frå Skjerve gjekk opp Skjervskleivane over Horjolo og fram til stølen. Møn sin stølsveg førde opp Mønskleivane på sørsida av Horjolo. I 1910 kjøpte staten heile Skjerve, då dei trong innmarka nedanfor husa til skjotebane for dei militære. Johannes Jansson Skjerve som hadde bruk 2 av Skjerve kjøpte i 1911 bruk 1 av nedre Auro og tok undan stølsretten til Skjerve, bruk 2 på Potten. Stølsrettane til bruk 1 og 4 kjøpte Anders Møn i 1920, 1928 og førde saman med sin tidlegare stølsrett på stølen. Stølsretten til bruk 3 av Skjerve vart kjøpt av Per Endeve på Endeve bruk nr. 1 i 1911. Det er stølstræe på stølen. I nyare tid er det bygt bilveg til Potten frå Tverberg og Håraldsdalen. I fjellet ovanfor Potten er tufter etter eldre støl.

Kjelde: Stølar i Vossefjell

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *