foto101199.jpg

08.09.2017

Gullhorgasteinen på Høgdi (Bergsdalen) (September 2017) (Informasjon)

Historien om bautasteinen på Høgdi
Sverre Johann Gjerde var oppe ved Gullhorgatjørna att sommaren 2004 for å plukka ut ein fin stein som skulle verta eit minnesmerke i området. Minnesteinen om slaget er vart hogd i september 2005 på Småbrekke av den svenske kunstnaren Tord Larsson.
BKK breiband sponsa flyginga av steinen frå Øvre Dukavatn til Småbrekke. Vinteren 2006 køyrde Per Småbrekke den ferdige steinen ut på Høgdi, 28-30 august 2006 vart steinen montert ferdig på sokkelen av Sveinung
Klyve og Per Småbrekke. Såleis vil historia om slaget leva i mange år framover og Høgdi vert truleg ein aktiv møtestad også i framtida. Steinen vert no kalla Gullhorgasteinen og vert avduka på Høgdi 2. September 2006.
Steinen er finansiert med pengar som er komme inn frå folk som har fått heftet om den geologiske stien.
Takkk til alle for hjelpa med å få prosjektet med steinen til.

Kjelde: Infoark i Gjesteboka til Gullhorgasteinen v/Sveinung Klyve

Historia bak bautasteinen.
I nedre Gullhorgatjørna skal det i følgje segna liggja skjult ein gamal skatt frå vikingetida. Den vesle tjørna
ligg mellom Storlitjørna i Vaksdal og Øvre Dukavatn i Samnanger.
I bygdeboka for Samnanger kan ein lesa at Samningakongen og Vossakongen ein gong i vikingtida møttest
i kamp ved Gullhorgatjørna. Vossingane gjekk sigrande ut av striden, og samningane vart jaga på flukt.
Samningakongen hadde eit bord av gull, gullhorgi, som han alltid hadde med seg. For at ikkje vossingane skul
le få tak i gullhorgi, kasta han det i eit vatn der oppe. Vatnet vart etter dette kalla Gullhorgatjørna. 82-årige
Sverre Johan Gjerde, utflytt samning no busett i Sverige, har leita i 10 år for å finna gullbordet.
Sommaren 2002 flaug han dykkarar og utstyr inn i fjellet, og leita etter bordet i ei heil veke. No har han gjeve
opp å finna det, men segna lever vidare. Det vert arbeidd med å få opp ein minnestein om sla
get på Høgdi.

Kjelde: Infoark i Gjesteboka til Gullhorgasteinen.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *