foto100590.jpg

19.07.2017

Feios kyrkje med Sognefjorden bak (Juli 2017) (Informasjon)

Feios kyrkje bygd 1866. Arkitekt J.W. Nordan. Byggmeister Johannes Arnesen Øvsthus. Altartavle frå 1883 måla av Christen Brun. Nattverdsutstyret er frå 1600-talet, og delar av minnetavle frå 1680 er tekne vare på. Øvrig inventar er frå byggjeåret eller seinare. Ei stavkyrkje frå 1200-talet vart riven for å gje plass til nyekyrkja i 1866. Ved Sogn Folkemuseum er messehakel frå mellomalderen teken vare på, og altar og eindel andre gjenstandar frå stavkyrkja er i Knut Rumohrs samlingar på Frønningen.

Kjelde: NRK Fylkesleksikon

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.