Veterantraktorutstilling ved køyretøy Historisk Klubb Voss i Voss Hestesportsenter på Kyte.
Biletserie 1:2














Ford Truck, 1940

1940 modell Ford Truck 1,5 Ton.
Denne bilen kom fra Amerika til Bergen havn 8 april 1940, den var egentlig bestillt av Gen. Mannerheim til krigen i Finland, men tyskarne overtok skipa lastebilane vart frakta på og bilen havna etterkvart hjå Luftgaukommando Norwegen med reg: WL322 485.
Bestefar Nils K Veka kjøpte bilen hjå Ford i Strømmen Bergen våren 1946.
Bilen gikk med R-1044 skilt til å begynna med og seinare med R-5897.
Denne lastebilen har en spesiell historie, ein av ca 1100-1200 lastebiler som var på veg fra USA til Finland på to skip i April 1940.
På grunn av dårlig vær eller leda av ein Royal Navy convoy, havna desse to skipa på havna i Bergen 8 april 1940, på kvelden før Tyskland invaderte Norge.
Finland kjøpte totalt 4400 lastebilar (mod 1940) av Amerikanarane. Ca 1100 biler ble tatt, og brukt av Tyskerene i Norge under krigen.
Ca 2500 lastebiler blei levert til Finland via norske havner før den Tyske invasjonen,
Sverige hadde og mangel på Lastebiler på denne tida, så Finland selde ca 1000 lastebiler til dei også.
Båtane som Tyskarane overtok i Bergen den 9 april vart sendt til Stavanger og lossa på Rosenberg verft, og fordelt ut på forskjellige avdelingar i Norge.
Lastebilen min har gått hos Luftwaffe (Luftgaukommando Norwegen). Eg har dei originale Tyske papira.
Bestefar begynte for seg sjølv i 1935, fekk låna pengar hjå nokre tanter og kjøpte seg ein ny Chevrolet, seinare vart og ein eldre 1931 Chevrolet kjøpt. Då krigen kom vart begge bilane rekvirert av dei norske styrkane, men blei etter kvart overført til dei tyske okkupantane.
1935modellen gjekk som brøytebil på Bømoen, den gamle 1931 modellen fekk bestefar att då han til vanleg dreiv med vegarbeide mellom Voss (Grovendal) og Evanger, da gagna jo Tyskarane og…
Etter krigen blei den gamle 31 modellen seld til bakar Møen på Bulken, og best’n reiste til bydn og kjøpte denne Forden eg har i dag. Eg fann mykje papir (vognkort, kjøpskontrakt, takstskjema) på denne bilen lenge etter at best’n døydde i 1984.
Eg drog bilen ut av skogen i 1999… etter nokre timar og litt jobb kom bilen på vegen att. 🙂


