Markering i høve 1000-årsjubileet for kristninga av vessene i 1023 ved steinkrossen på Hime og ved Olavskrossen på Vossevangen.
Steinkrossen på Himle.
På si ferd frå Folkedal til Voss stogga Heilag-Olav, ved middagsleitet, ved Krosset. Han tok etterpå over fjellet og kom ned til Himle, ved soleglad. For ikkje å møte vessene som kunne stogga han om natta, slo han seg ned på Himle og song messe der.
I 1923 reiste Bordalen Ungdomslag ein steinkross på staden der ein meiner kongen slo leir. Lars Eskeland skriv fylgjande om steinkrossane; «Sume hev fortalt segnene so, at kongen sjølv lét reisa krossar der han kvilde. Dette er snautt rett. Krossane vart reiste til um Olav då han var avliden og lyst heilag». Og vidare: «Kann henda reiste Olav og krossar. Men i sofall var det helst på stader der han samla folket til dåp, som t.d. på Vangen».
Det er difor all grunn til å tru at krossen på Himle (og Krossaset) der det har stått ein kross «til minne om Olav» ikkje er sett opp av kongen. Det var Lars Eskeland som 8.juli 1923 avduka den krossen som står på Himle no, og etter det segna fortel, var den første krossen på Himle av tre.
Kjelde: Minnesmerke, skulpturar og relieff i Voss kommune



Knut A. Knudsen

Knut A. Knudsen


Knut A. Knudsen

Knut A. Knudsen



Ågot Himle
Olavskrossen.
Heimskringla fortel at det var her Olav Haraldsson i 1023 heldt møte med vessene og fekk dei til å ta ved trua. Kongen kom frå Avaldsnes på ferda til Voss dette året. Han må ha fare inn Hardangerfjorden med båt til Folkedal og så ha gått opp derifrå med følgjet sitt om stølen Krossaset og vidare den gamle ferdslevegen om Bordalen og til Vangen. På garden Himle på Bordalen finst ein kross som kan ha vore reist til minne om denne ferda. Også på garden Lirhus, mellom Lundarvatnet og Melsvatnet, stod det heilt til 1900-talet ein steinkross. På Krossaset i Bordalsallmenningane er det i nyare tid reist ein steinkross til minne om Olav Haraldssons kristningsverk.
Kjelde: Grind


Knut A. Knudsen

Knut A. Knudsen

Knut A. Knudsen



Knut A. Knudsen