26.07.2021 – Granvin

På tur til Granvin i varmt og fint sommar vær, på Voss har det vore opp mot +29C og sikkert mykje det same i Granvin vil eg tru, for det var iallfall ein varm og fin tur på sykkel.

Ikkje rare vassføringa i Skjervsfossen i dag, 26. juli 2021, 12:45 (Granvin)
Stille og roleg ved Øvre Vassenden (Seim) etter veg omlegginga, 26. juli 2021, 12:58 (Granvin)
Utsyn frå Seim og Granvinsvatnet mot Holven, 26. juli 2021, 12:58 (Øvre Vassenden Granvin)
Granvinsvatnet mot Haugseåsen og Nedre Vassenden, 26. juli 2021, 12:00 (Granvin)
Granvinsvatnet mot Nesheim og Øvre Vassenden, 26. juli 2021, 13:09 (Granvin)
Trå mot Nedre Vassenden, 26. juli 2021, 13:9 ((Granvin)
Vindal mot Nesheim, Granvinsvatnet og Øvre Vassenden, ,26. juli 2021 13:23 (Granvin)
Kolgrevehaugen i Haugseåsen, juli 2021, 14:10 (Granvin)

Infotavle ved Kolgrevehaugen.

Kolgrevehaugen.

Me opplever stadig nye funn som fortel om menneskeleg aktivitet i Haugseåsen i over to-tusen år. Navnet kjem av kolgroper, dvs plassen der du produserar trekol. Dette vart brukt i smia, som fanst på mange gardar. Nær denne haugen finn me 3 kolgroper, i tillegg mange spreidd over heile Åsen. Produksjonen av trekol var arbeidskrevjande. Først grava ei djup grop i bakken. Så fylla den med oppkappa og kløyvd ved. Veden måtte dekkast godt til med torv før dei sette fyr på mila. Poenget var ei sakte forbrenning av veden slik at han forkola seg og ikkje brann opp. Den store kunsten var å tilføra høveleg mengde luft. Denne prosessen tok bortimot 2 døgn, med kontinuerleg overvaking. Kolet vart ogso brukt til jarnutvinning. Etter bygginga av bilvegen forbi haugen her, i 2010, fann eg klumpar av jarnslagg i vegskråningen. Analyse av desse viste at det var restar etter ei jarnvinne. Typen slagg tyder på eldre jarnalder, litt før eller litt etter vår tidsrekning. Truleg vart sjølve smelteovnen greven ut og ligg i vegfyllinga. Eit slikt anlegg gror att over tid og er vanskeleg å oppdaga. Framstilling av jarnet i slike anlegg var uhyre arbeidskrevjande og komplisert. Truleg var det berre nokre få som meistra denne kunsten. Råstoffet var jarnholdig myr. Denne måten å produsera jarn på gjekk ut på 15-hundretalet. Etter den tid overtok gruvedrifta. Overgangen frå steinalder og bronsealder til jarnalderen var vel av dei største framsteg i vår historie. Stein og bronse var lite eigna til å laga effektive reiskapar av.

21.06.2021. Olav S. Haugse.

Granvin sett frå Haugseåsen, 26. juli 2021, 13:42 (Granvin)
Granvin med Trudvang Ungdomsshus sett fr Haugseåsen, 26. juli 2021, 13:45 (Granvin)
Granvin bustadfelt sett frå Haugseåsen, 26. juli 2021, 13:45 (Granvin)
Granvin sentrum sett frå Haugseåsen, 26. juli 2021, 13:50 (Granvin)
Nestås sett frå Haugseåsen, 26. juli 2021, 13:45 (Granvin)
Granvin mot Granvinsfjorden, 26. juli 2021, 14:35 (Granvin)
Granvin (Eide) mot Granvinsfjorden, 26. juli 2021, 14:37 (Granvin)

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.