26.03.2022 – Hestehov

Hestehov eller leirfivel (Tussilago farfara), 26. mars 2022, 12:12, +7C (Voss)

Hestehov eller leirfivel (Tussilago farfara) er ein gul vårblome i korgplantefamilien. Hestehoven vert 5-20 cm høg, veks på næringsrik jord og blømer i mars til mai.

Planten er fleirårig. Blomane sit på stenglar med brunraude stengelblad. Etter bløminga får planten rosettblad. Frukta er femkanta med kvit fnokk.

Kjelde: Wikipedia

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.