23.04.2021 – Vårkål

Vårkål (Ranunculus ficaria) i Hangurslia (Flora) på Hanguren.

Vårkål (Ranunculus ficaria) på Hanguren,  23. april 2021, 12:07 (Flora Voss)

Vårkål (Ranunculus ficaria) er ein vårblome i soleiefamilien. Planten har gule blome med mange kronblad, som viser seg i mars-april i Noreg. Blada er heile. Dette skil planten frå dei andre artane i soleiefamilien.

Namnet vårkål kjem frå tidlegare tider, då planten blei brukt som grønsak om våren. Dei mørkegrøne blada inneheld mykje C-vitamin, og var eit viktig kosttilskot på ei tid då ein lett mangla dette. I store mengder er derimot vårkål giftig.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.