20.07.2026 – Olsskavlen 1576 moh.

Bilete frå dagen tur til Olsskavlen 1576 moh. frå Espelandsdalen.

Bilete teke på veg opp til Olsskavlen.

Olavstøl, 20. juli 2026 (Granvin)
Olavstøl, 20. juli 2026 (Granvin)
Utsyn mot Storli, 20. juli 2026 (Granvin)
Utsyn frå Olavsbu mot Granvin og Granvinsfjorden, 20. juli 2026 (Granvin)
Olavsbu, 20. juli 2026 (Granvin)

OLAVSBU 1242 m.o.h.

På vegen opp til Stavaskardsnuten kjem ein framom ei steinbu som står i brattlende næraste på ei fjellhylle. Ho er mura inntil bergveggen som er bakvegg i bua. Ho har møna tak, og i ramen som vender fram er det glas og inngangsdør som er ulåst. Mønet stikk det opp ei aluminiumstong som fortel kvar bue er under snøen. På veggen ute står namnet «Olavsbu».

Bua vart bygd kring 1930 av brørne Lars, Knut og Olav Dale og Sjur Holven. Med tida vart taket dårleg og fall saman. Då var det at Olav Dale tok opp tanken om å få bua sett i stand att. I 1990 samla han grannar og andre til dugnad på arbeidet. Føreåt hadde han av engelske militære på vinterøving på Voss fått leigd helikopter til å frakta opp dei tyngste tinga som omn og byggjematerialar. Denne turen enda dramatisk med di helikopteret som letta frå heimebøen på Dale tok borti ein løypestreng og fall ned. Men flygar og mannskap greidde seg bra og helikopteret fekk beere mindre skadar. Det vart henta av eit større helikopter som tok det skadde med seg. Men fyrst hadde det frakta lassa til fjells.

I august månad i 1990 var arbeidet med å restaurera bua kome i gang og fleire mann var i arbeid. Olav Dale hadde vore oppe ein dag, men kjende seg ikkje heilt frisk og rusla ned att til Olastøl og overnatta i Dalsselet. Då han dagen etter vart sakna, fann dei han død i selet. Truleg var det hjarta som hadde svikta. Men arbeidet som han ivra så sterkt for vart fullført, og difor fall det naturleg at namnet vart «Olavsbu». Det er eit godt kryp-inn for farande i uvêr.

Kjelder: Lokalkjende.

GOD TUR!
Granvin turlag

Utsyn frå Olavsbu mot Stokkavatnet, Drevtjørn og Ulvik, 20. juli 2026 (Granvin)
Hardangerjøkulen sett frå Olavsbu, 20. juli 2026 (Granvin)
Utsyn frå Olavsbu mot Stokkavatnet, Drevtjørn og Ulvik, 20. juli 2026 (Granvin)
Fjelltjæreblom (Viscaria alpina) på Stavskarsnuten, 20. juli 2026 (Granvin)
Utsyn frå Olsskavlen i retning mot Lønahorgi, 20. juli 2026 (Granvin)
Olsskavlen, 20. juli 2026 (Granvin)
Olsskavlen 1576 moh. (Ganvin/Voss)
Utsyn frå Olsskavlen mot Lønahorgi, 20. juli 2026 (Granvin/Voss)
Rjoanddalen sett frå Olsskavlen, 20. juli 2026 (Granvin/Voss)
Ljosanddalen sett frå Olsskavlen, 20. juli 2026 (Granvin/Voss)

Bilete teke på veg ned frå Olsskavlen.

Stokkavatnet, Drevtjørn, Kjerringafjelllet og Ulvik sett frå Olavsbu, 20. juli 2026 (Granvin)
Stokkavatnet, Drevtjørn og Ulvik sett frå Olavsbu, 20. juli 2026 (Granvin)
Kjerringafjellet og Kvasshovden sett frå Olavsbu, 20. juli 2026
Hardangerjøkulen sett frå Olavsbu, 20. juli 2026
Utsyn mot Olavstøl, 20. juli 2026 (Granvin)
Utsyn mot Olavstøl og Granvinsfjorden sett frå Olavsbu, 20. juli 2026 (IGranvin)
Utsyn frå Olavsbu mot Stokkavatnet, Drevtjørn og Ulvik, 20. juli 2026 (Granvin)
Fjellrype, 20. juli 2026 (Granvin)
Fjellrype, 20. juli 2026 (Granvin)
Utsyn mot Olavstøl med Granvinsfjorden bak i biletet, 20. juli 2026 (Granvin)
Espelandsdalen og Espelandsvatnet, 20. juli 2026 (Granvin)
Utsyn mot Espelandsdalen, Espelandsvatnet og Olavstøl, (bak i det fjerne kan ein sjå Granvinsfjorden), 20. juli 2026 (Granvin)
Olavstøl, 20. juli 2026 (Granvin)
Olavstøl, 20. juli 2026 (Granvin)
Espelandsdalen med Espelandsvatnet, 20. juli 2026 (Granvin)

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *