19.05.2021 – Hangurshòlna

Restar etter stølane i Hangurshòlna, 19. mai 2021, 11:42 (Hanguren Voss)
Trappetrinn opp til stølstomt etter støl i Hangurshòlna, 19. mai 2021, 11:43 (Hanguren Voss)
Restar etter stølane i Hangurshòlna, 19. mai 2021, 11:42 (Hanguren Voss)
Restar etter stølane i Hangurshòlna, 19. mai 2021, 11:42 (Hanguren Voss)

Hangurshòlna

Hangurshòlna ligg på sørvestsida av Hangurstoppen, nordaust for Hangursbanestasjonen. Frå gamalt var Hangursholna sumarstølen til Voss Prestgard. Ved ei åstadsak i 1756 millom Ullestad og Mølster møtte sokneprest Ruus på vegner av Prestgarden som eigar av stølen. Den siste ein veit av som nytta denne stølen var prost Anton Elias Smitt som var prest på Voss frå 1852 til 1875. Han sleppte hestane til Prestgarden her for å halda oppe stølsretten, er det sagt. Voss Prestgard (prestebordet) fekk i 1455 testamentert øvre Afdal med tilhøyrande skog og lutar og lunnar (DN. XVI nr. 187); denne garden har frå den tida vore sumarstøl til Prestgarden.

Kjelde: Stølar i Vossefjell

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.