15.06.2021 – Skulestadmo Klondyke

Gamle murar etter Klepps stølar.

Gamle stølstomter på Klepp, 15. juni 2021, 13:20 (Skulestadmo)
Gamle stølstomter på Klepp, 15. juni 2021, 13:24 (Skulestadmo)
Gamle stølstomter på Klepp, 15. juni 2021, 13:23 (Skulestadmo)

Klepp ligg oppe på brotet av brekkene ovanfor Flatekvål som har hatt støl der. Klepp må vera den stølen som matrikkelen av 1723 opplyser om, ei kvart mil frå Flatekvål. Det er lenge sidan det har vore stølsdrift på Klepp. Voss Skilag kjøpte ikr. år 1900 eine selet og flytte det til Tråstølen.
I 1905 fekk L/L Lønehorgen Skiferbrud rett til å driva helledrift på Klepp. Drifta var i gang til ut i 1920-åra. Ei stor timbra brakke for arbeidsfolket vart oppbygd. Helletransporten ned til Flatekvål tok ein med togbane. Også på Klondyk, eit stykke ovanfor Klepp, var det helledrift ei tid, men drifta der vart nedlagd samtidig med den på Klepp.
Namnet Klepp er mykje utbreidt som gardsnamn og stølsnamn i Noreg, det tyder berghovde, berg.

Kjelde: Stølar i Vossefjell