12.07.2026 – Evanger – Gullbrå

Bilete frå dagens tur til Gullbrå frå Evanger.

Evanger – Teigdalen – Nesheimsfjellet

Evanger (kyrkje), 12. juli 2026 (Eksingedalen)
Evanger (kyrkje), 12. juli 2026 (Evanger)
Evanger, 12. juli 2026
Evanger, 12. juli 2026
Evangervatnet (Fadnes og Hernes), 12. juli 2026 (Evanger)
Fadnes Bru, 12. juli 2026 (Teigdalen)

FADNES BRO

Steinkvelvbruer er ein svært gamal byggjemåte. Murte kvelv- og bogekonstruksjonar er kjent frå Egypt og dei gamle kulturane i Midtausten, men det var romarane som for alvor tok i bruk og utvikla teknikken til eit ekstremt høgt nivå både innanfor arkitektur og i meir reine nyttebyggverk som t.d. bruer. Med romarane nådde denne byggjemåten også vår kultursfære, gjennom utstrakt bygging av vegnett og bruer nordover i Europa.

Nøyaktig kva tid dei første steinkvelvbruene vart bygt her i landet veit ein ikkje, men ein reknar med at byggjemåten vart teken i bruk i Mellomalderen. Den eldste steinkvelvbrua me kjenner er Smedbrua ved Kongsberg, bygt i 1624. Men det skulle gå lang tid før det vart noko større vegbygging her i landet. Først ut på 1800-talet skaut det fart i vegbygginga, med større krav til transport. Framleis var det hest og kjerre som var reiskapen. I perioden 1880–1900 vart det bygt svært mange steinkvelvbruer her i landet, kanskje dei fleste som me kjenner til i dag.

STEINKVELVBRUENE I TEIGDALEN

Det fins 2 godt bevarte steinkvelvbruer her i Teigdalen: Denne, som fekk namnet Fadnes bro, og Straumabrua sør for Brekkhus. Desse 2 bruene er svært like i byggjemåte. Ein reknar med at det er dei same folka som har bygt begge bruene, og at dei vart bygt nokolunde på same tid. Me kjenner årstalet for Straumabrua: 1894 (sjå foto). Det er sannsynleg at denne, Fadnes bro, vart bygt først. Dersom ein reknar ca. 2 års byggjetid på kvar, kan ein gå ut frå at begge vart bygt i åra 1890–1894.

Men her på staden har vore bru lenge før den tid. Me veit at postvegen mellom Horvei og Evanger gjekk her, dvs. når det ikkje var framkomeleg på Evangervatnet. Dei måtte kryssa elva her for å koma vidare. Postgangen mellom Bergen og Oslo kom i gang allereie i 1647. Det fins ei gamal registrering av bruer langs postvegen i Watzværens Thinglag. Her finn ein oppført Fadnes bro, bygt i 1767. Den var 36 alen lang. Det står og oppført at dei som bygde den var bøndene frå Fadnes til Bjørndalen og bøndene frå Fosse til Gullbrå i Eksingedalen. Dette var ei trebru, kanskje såkalla utleggsbru. Under landkaret på sørsida av noverande steinkvelvbru kan ein sjå ei hylle i fjellet. Ein må rekna med at ei gamal bru har lege på denne hylla.

LOKALE BRUBYGGJARAR

Steinkvelvbruene vart og bygt av lokale folk. Det har vore svært dyktige murarar, noko som ein finn att mange stader i Teigdalen. Me veit at Nils Flansås Lien var ein av dei som var med og bygde. Det som er spesielt med desse 2 bruene, er den slake bogen. Ein kjenner ikkje til andre bruer her i landet med så “flat” boge. Styrken har dei like fullt. Bruene er no meir enn 120 år gamle, og ein kan ikkje finna svake punkt på nokon av dei. Alt tyder på at dei vil stå i fleire hundre år framover. Bruene er bortimot vedlikehaldsfrie. Det einaste som kan gjera skade på dei, forutan flaum, er trerøter som kan veksa inn i konstruksjonen. Det er difor viktig å hindra at det skjer.

Då bruene vart bygt starta ein lang strid mellom bygdefolk og heradsstyret i gamle Evanger herad. Bøndene i øvre Eksingedalen hadde vedlikehaldsplikt på vegen i Teigdalen saman med Teigdølene. Men vegen gjennom dalen var skral, og det var stor trong for ny veg med nye bruer. Eit møte på Mestad i 1886 var opphavet til striden. Amtet betalte litt av kostnadene med ny veg og nye bruer, eit såkalla amtsbidrag. Men ein stor del av kostnadene vart lagt på oppsitjarane. I tillegg til dei to steinkvelvbruene vart det og planlagt å byggja ein bru på Mestad. Denne vart bygt i stål, om lag på same tid som dei 2 i stein. Det var diskusjon om Fadnes bro skulle byggjast i tre eller i stein. Mot ei stemme vedtok heradsstyret at denne skulle byggjast i stein. På møtet på Mestad vart det skrive at bøndene i Teigdalen skulle stå for bygging av ny veg, medan bøndene i Eksingedalen skulle ha ansvar for bruene. Dei skulle svara for ein stor del av utgiftene til brua, der heradet gav garanti. Men på det møtet vart det ikkje skrive noko om at Fadnes bro skulle byggjast i stein. Dette vart ein vesentleg kostnadsauke. Ei trebru kunne oppførast til ein kostnad på mellom 800 og 900 kroner, medan det førelåg anbod på steinkvelvingsbru på kr 1700. Dette var årsak til ein langvarig strid, som varte i 25 år. Dette kan du lesa meir om i årboka til Vassvøri sogelag, Frå fjell til fjord 2006: «Steinkvelvsbruane på Teigdalsvegen» av Helge Bergo.

UTVIKLINGA AV FADNES BRO

Etter kvart som bilane tok over transporten fyrst på 1900-talet, vart brua i smalaste laget. I 1928 vart det bygt ei ny bru oppå den gamle, ved at det vart murt nye landkar i stein og det vart lagt stålbjelkar som berande konstruksjon. Sannsynlegvis vart det og støpt eit betongdekke oppå stålbjelkane. På 1970-talet vart vegen på nordsida av brua utvida ved at ein sprengde større breidde i fjellskjeringa. Samstundes vart det støpt nytt dekke i betong, med større breidde og med sidekantar som fungerte som rekkverk. Nokre år seinare vart det og montert stålrekkverk oppå desse betongkantane. Med dette vart den opphavlege brua knapt synleg. I 2006 vart det så bygt ny bru ved sida av den gamle, og med dette gjekk den gamle brua ut av bruk. No ligg her 3 generasjonar bruer på same staden.

I 2013 vart brua frå 1928 med betongdekke og stålbjelkar fjerna, dette mellom anna etter påtrykk frå Vassvøri sogelag og Hordaland Fylkeskommune. I 2014 vart den opphavlege brua restaurert, med nytt grusdekke, nytt smijernsrekkverk og stabbesteinar på begge sider. Etter vel 120 år står brua no fram att om lag slik den såg ut då den var ny tidleg på 1890-talet. Her kan du ta ein pause og nyta synet av eit byggverk som bygdefolk i Teigdalen kan vera stolte av, og som nye generasjonar kan læra av: Ein byggjemåte som er gått ut av bruk, men som viser seg å vera ein av dei beste og sterkaste konstruksjonar som menneska har lært seg å byggja av materialar ein finn i naturen.

SKRIFTLEGE KJELDER

Helge Bergo:
Steinkvelvsbruane på Teigdalsvegen, Frå fjell til fjord 2006.

Knut Hjørnevik:
Postvegen gjennom bygda og litt meir, Frå fjell til fjord 2007.

Svein Magne Olsen:
Bruer og brubygging i Rogaland.

Straumebru, 12. juli 2026 (Teigdalen)
Brekkhus og Århus, 12. juli 2026 (Teigdalen)
Brekkhus og Århus, 12. juli 2026 (Teigdalen)
Brekkhus og Århus, 12. juli 2026 (Teigdalen)
Århus, 12. juli 2026 (Teigdalen)
Teigdalen sett frå Utsikten (Brekkhusfjellet), 12. juli 2026
Ormaset, 12. juli 2026 (Nesheimsfjellet)