12.06.2021 – Raundalskyrkja

Raundalskyrkja feirer 100 år i år.

Raundalen med Raundalskyrkja som feirer 100 år i år, 12. juni 2021, 14:13, +12C (Øyeflaten Urdland)
Raundalen med Raundalskyrkja som feirer 100 år i år, 12. juni 2021, 14:15, +12C (Øyeflaten Urdland)
Raundalen med Raundalskyrkja som feirer 100 år i år, 12. juni 2021, 14:16, +12C (Øyeflaten Urdland)

Bilete frå Gudstjeneste m/barnedåp i kyrkja, 17.10.2004.
Bilete frå den gamle kyrkjegarden på Skiple.

Raundalen kyrkje står på Øyeflaten i Raundalen i Voss herad i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1921.

Ho er teikna av Haldor Larsen Børve og er bygd i tre. Veggane er i bindingsverk kledd med panel og trestolpar (søyler) i kyrkjerommet ber midtskipsveggane. Kyrkja er treskipa med forhøga midtskip. Sideskipa har form noko nær ein omgang. Dette gjev kyrkja eit preg som fører tanken til stavkyrkjene.

Altertavla er måla av Lars Osa og syner Jesu gravlegging. Målarstykket er frå 1952. Før denne tavla kom på plass var det ein utskoren trekross i ramme som tente som altertavle.

Kyrkja er den fyrste på staden. Før dei fekk henne sokna folk i området til Vangskyrkja på Vossavangen.

Kjelde: Wikipedia

2 comments

  1. Kjem det bilete frå markeringa for at kyrkja er 100 år? Du er flink på detaljar i slikt Svein. Kyrkjegarden her er òg spesiell.

    1. Det lyt eg prøve å få til, litt bilete fra markeringa hadde vore kjekt å fått med seg.

      Svein

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.