Begslikunstnarane
Dei tre kunstnarane Knud, Brynjulf og Nils Bergslien er alle fødde og oppvaksne på Voss.
Dei er kjende både i inn- og utland, og fleire av kanstverka deira har vorte til nasjonalsymbol.
Kunstmålaren Knud Bergslien (1827-1908)
Knud Bergslien byrja i soldatteneste 18 år gamal, men den uvanlege teiknegivnaden hans vart snart lagt merke til, og etter eit par år som elev ved kunstmålaren Hans Reusch sin teikneskule i Bergen drog han til utlandet og studerte både i Antwerpen og Paris. I åra 1855-1869 arbeidde han i Düsseldorf. Han flytta så attende til Noreg, og frå 1871 dreiv han Bergsliens Malerskole i Kristiania saman med Morten Müller. Her vart han lærar for ein heil generasjon norske kunstmålarar, mellom andre Harriet Backer og Edvard Munch. Knud høyrde til Düsseldorfar-skulen og var god ven av kunstmålarane Adolph Tidemand og Hans Gude. Gjennom Knud fann Tidemand nokre av sine beste motiv for portrettbilete av bønder på Voss. I dag er Knud mest kjend som historiemålar. Mellom dei mange arbeida hans må særleg nemnast nasjonalikonet Birkebeinerne på Ski over Fjeldet med Kongsbarnet frå 1869, Kong Sverre på Vossefieldene, og biletet som han fekk Wasa~ordenen for: Kong Oscar II’s kronírlg i Nidarosdomen. Det var likevel som portrettmâlar og pedagog han nådde lengst.
Bilethoggaren Brynjulf Bergslien (1830-1898)
Alt som barn fekk Brynjulf Bergslien undervisning i stempel skjering av morbroren, den kjende kartteiknaren Aad Gjelle. I 18-årsalderen kom han i gravørlære hjå gullsmed Jacob Tostrup i Kristiania. Sidan studerte han ved Kunstakademiet i København, og i 9 år arbeidde han hjå nokre av dei mest kjende bilethoggarane der. Etter studieopphald i fleire av dei europeiske landa reiste han i 1861 heim att til Kristiania, der han busette seg
og stifta familie. I 1864 fekk han kunstnarstipend, og i 1868 vann han den første tevlinga om eit norsk monument: ryttarstatuen i bronse av kong Carl Iohan, som vart avduka på Slottsplassen i Kristiania i 1875. Etter dette vart Brynjulfein kjend bilethoggar. Han hadde ein stor produksjon, mellom anna laga han monumenta av Henrik Wergeland, Peter Chr. Asbjørnsen og Iohannes Brun. Men det er Carl Johan-statuen som er hovudverket hans. Han underviste også, og han var den første læraren til Gustav Vigeland. Brynjulf var ein festleg og omgjengeleg person med mange vener, godt kjend i kunstnarmiljøet i Kristiania og ei sentral drivkraft i Kunstnerforeningen.
Kunstmålaren Nils Bergslien (1853-1928)
Nils Bergslien viste tidleg i oppveksten rik kunstnargivnad, og farbrørne Knud og Brynjulf kappast om han skulle verta kunstmålar eller bilethoggar. Målarkunsten vann, og 16 år gamal byrja Nils kunstutdanninga si ved onkelen sin mâlarskule i Kristiania. Seinare studerte han i München, Dresden og Wien. Denne tida var han mykje saman med kunstmålaren Christian Skredsvig, som seinare skildra Nils i ei av bøkene sine. Etter at han kom heim att til Noreg, arbeidde han nokre år i Kristiania, før han tidleg i 1880-åra reiste til Hardanger, gifta seg og slo seg til i Eidfiord. Her vart han buande til han døydde. Nils hadde ein stor produksjon av målarstykke med frodige folkelivsskildringar og humoristiske bilete av huldrer, nissar, kjærleikspar – og vestlandsnaturen. Størst givnad viste han som landskaps- og portrettmålar, men folkelivsbileta var nok dei som selde best. Givnaden som bilethoggar fekk han syna då han laga monumentet Ola Mosafinn og Ridande Vossabrudlaup og portrettrelieífa til monumentet i Bergsliparken på Voss.
Kjelde: Stiftinga Bergsliminne