09.05.2021 – Enkeltbekkasin

Enkeltbekkasin (Gallinago gallinago) ved Lønaøyane.

Enkeltbekkasin (Gallinago gallinago) ved Lønaøyane, 09. mai 2021, 15:45, +12C (Fauna Fuglar)

Enkeltbekkasin (Gallinago gallinago) er ein mellomstor vadefugl med eit langt nebb. Hekkeområdet er i Eurasia frå Island og Irland i vest, gjennom Nord- og Sentral-Europa og heile Russland til Kamtsjatkahalvøya i aust. Han overvintrar i Sør-Europa og rundt Middelhavet, i Afrika, gjennom Midt-Austen og Sør-Asia til Søraust-Asia og sørlege Koreahalvøya og sørlege Japan.

Ein deler enkeltbekkasinen opp i to ulike underartar med G. g. faeroensis på Island og Færøyane. Den andre er nominatforma. Tidlegare rekna ein G. g. delicata i Nord-Amerika som ein underart, men han er no godtatt som ein sjølvstendig art indianarbekkasin, Gallinago delicata.

Skildring

Han er om lag 25–27 cm lang og veg i området 75 til 180 gram. Fjørdrakta har fire lyse lengdestriper på ryggsida og er brunspragla. Enkeltbekkasinen har rein og kvit buk og stjerten er nesten utan kvitt, noko som gjer at den skil seg frå dobbeltbekkasinen, som han elles er svært lik.

Om ein enkeltbekkasin vert skremd, kan ein høyre eit håst «tsjær» i det han flyg av garde. Oppflukta skil seg òg frå dobbeltbekkasinen. Medan dobbeltbekkasinen flyg rett fram, flyg enkeltbekkasinen i ei helt tilfeldig retning. Dei fleste kjenner igjen denne fuglen med hannen sitt fluktspel i hekkesesongen. Når fuglen skal markere området sitt, vibrerer han med dei ytre stjertfjøra sine i tillegg til ein mekrande lyd. Når enkeltbekkasinen markerer området sitt, vert det kalla «mekregauking» grunna lyden.

Utbreiing

Arten hekkar i eit breitt belte rundt heile den nordlege delen av Eurasia, inkludert store delar av Europa unnateke i søraust, men han er klart meir talrik i nord. Særleg Island, Sverige og Finland har store bestandar.

I Noreg

Enkeltbekkasinen er ein av dei vanlegaste trekkfuglane og kan treffast på frå kysten og heilt opp til dei mellomalpine områda. Han er spesielt knytt til opne og fuktige område, men likar seg òg godt i open skog.Trekk og overvintring

Norske hekkefuglar overvintrar spesielt på dei britiske øyane og i Frankrike/Portugal. Om det er milde vintrar i Noreg, overvintrar han på kysten i dei sørlege delane. Enkeltbekkasinen er attende allereie i mars/april. Lenger nord og i fjellområda er dei vanlegvis ikkje attende på områda sine før like før at hoa legg egg i slutten av mai.

Forplanting

Gallinago gallinago

Hannen er på hekkeplassane ganske tidleg på våren og forsvarar området sitt ovanfor andre hannar. Reiret er lagt i ei enkel grop i bakken, og er laga av strå og blad. Hoa legg 4 egg som vert lagt i mai-juni og vert ruga i 18-20 døger. Ungane forlèt reiret rett etter klekkinga. Foreldra fordelar ungane mellom seg, og dei fyrste dagane fôrar foreldra dei. Ungane kan fly etter 20 dagar.

Føde

Enkeltbekkasinen et fyrst og fremst makk, men et òg insekt og andre smådyr og kan dessutan ete ein del frø.

Kjelde: Wikipedia

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.