09.04.2022 – Forfattertreff

Badnajazz: Forfattartreff med Terje Torkildsen i Voss Kulturhus.

Falturiltu er verdas største nynorske barnebokfestival, og den går føre seg på Stord i veke 45 kvart år. Det er blitt ein fin tradisjon at du får møta årets festivalforfattar på Badnajazz under Vossa Jazz! Terje Torkildsen er født i Stavanger i 1971. Han er utdanna norsklektor men har dei siste tiåra jobba som forfattar og artist. Han er kanskje mest kjent som drosjesjåføren i kultfilmen Mongoland og for eit titals populære ungdomsbøker på nynorsk, m.a. Dystopia-serien og Stavanger Stories I – III.

Voss Kulturhus – Forfattertreff med Terje Torkildsen (Vossa Jazz), 09. april 2022, 11:53
Voss Kulturhus – Forfattertreff med Terje Torkildsen (Vossa Jazz), 09. april 2022, 12:06
Voss Kulturhus – Forfattertreff med Terje Torkildsen (Vossa Jazz), 09. april 2022, 12:06
Voss Kulturhus – Forfattertreff med Terje Torkildsen (Vossa Jazz), 09. april 2022, 12:05

Humorboka av Terje Torkildsen – Ei faktabok om kva som får oss til å le.

Har du humor? Liker du å få andre folk til å le? Dette er ei faktabok om humor. Her kan du lese om kva som får oss til å le.
Boka handlar om humoristiske verkemidler som overdriving, understatement, rollebytte og ironi i komiske sjangrar som parodi, standup, revy, kåseri og anna tull og tøys.
Her finst det flust av Fun facts og mange Not so Fun facts.
Denne boka er altså ganske nyttig, både for den som vil lære og den som vil le.