På tur frå Skulestadmo til Storåsen, Tvildesåsen og Tvilde.
Skulestadmo.
Storåsen.
Tvildesåsen.
Palmafossen.
Hausting av lauv, greiner og bork av lauvtre har lange tradisjonar. Det er funne teikn etter hausting på alm i Noreg så tidleg som rundt 2500 år f.Kr. Nesten 4000 år seinare, i 1937, skreiv dåverande bonde her på garden, Arnfinn Gjerdåker, om lauvinga i gardsdagboka.
Med fleire dyr på garden og avgrensa med dyrkbar jord, har sanking av lauv, lauving, vore ei viktig kjelde til dyrefôr. Fleire av aske- og almetrea rundt deg ber preg av at dei har vore utsett for styving – ein variant av lauving der 6-10 år gamle greiner vert kappa av. Lauvverket og borken går til dyra som fôr, medan veden går til reiskap eller fyringsved. I tillegg kunne ein risa, raspa eller skava trea, som var å kappa ungreiner, dra av lauvverket utan å kappa greina eller å skjera ytterborken av trestamma. Resultatet av desse prosessane er eit tjukkstamma, grovborka tre med klumpete greiner og tett krune.
Styvingstre har også nytteverdi for anna liv i landskapet. På den kalkrike grunnen her på Gjerdåker er styvingstre heim for fleire sjeldne og truga artar. Dei kan verta svært gamle, får mykje grov bork og skapar holrom som gjev godt livsgrunnlag, særleg for lav, mosar, sopp og insekt. Bleikdoggnål, kystdoggnål og kjøttrørlav er eksempel på raudlista artar som har tilpassa seg livet i dei gamle styvingstrea du finn på tre omkring deg.
Det er få eksempel på slike sjarmerande, krokete, tettkruna tre under aktiv hevd i dag. Mykje lauvskog har vorte rydda til fordel for granplantasjar, gamal haustingsskog gror igjen og hjorten øydelegg oppslag av nye tre. Almen og asken, som me reknar for å vera dei mest verdfulle styvingstrea, er i tillegg under stort press frå almesjuka og askeskotsjuka og risikerer å forsvinna heilt som ein del av den norske floraen.
Her på Øvrebøen er du i eit vakkert landskap der kultur og natur er i samspel, til nytte for både mennesket og naturen me er ein del av
Enga i området vart slått, graset beita og tre vart styva for å gje fôr til husdyra på garden. Dei ulike skjøtselsformene påverkar landskapet og har etterlate eit lappeteppe av ulike naturtypar som legg til rette for eit større artsmangfald enn det naturen sjølv klarar å skapa uten bonden.
Slåttemarka er upløygd og ugjødsla eng som vart slått til vinterfôr. Slåtten etterlet eit jordsmonn som gjev plantane gode føresetnader til å veksa, som igjen er habitat for eit mylder av insekt. Utan pløying får også sopp og mikroorganismar sjansen til å utbreia seg. Naturbeitemarka er også upløygd men får litt tilførsel av gjødsel fra dyra som beiter her. I selskap med dei tjukkstamma og krokete styvingstrea får slåttemarka og naturbeitemarka eigne namn, lauveng og hagemark. Også styvingstrea skapar gunstige forhold for nokon artar som er sjeldne å sjå i tre som ikkje er i skjøtsel.
Hele 29% av våre raudlista artar høyrer heime i kulturlandskap som slåttemarka, lauvenga, naturbeitemarka og hagemarka. Landskapet me finn her på Gjerdåker har i tillegg ei sær eigen evna til å rensa luft, binda karbon og ivareta genbanken – alt dette samstundes som det er til nytte for folka som lever her.
Hei. Flotte foto men stryk Tvilde på alt som er på Gjerdåker.
Beste helsing Arnfinn Gjerdåker
Takk for at du gjorde meg merksam på dette, godt å sjå at det er nokon som fyl med og gjev meg rettingar, set stor pris på dette.