På besøk til Hustveitgarden i høve Kulturminnedagane.
Hustveit er ein veglaus høgdegard i Reppen på Voss. Garden er fyrste gong nemnt i skriftlege kjelder på 1600-talet. Men både helleristningar og skålgroper i omnrådet tyder på at det har vore busetnad på staden lengje før den tid. Hustveit har ein særeigen plass hjå mange vossingar då den fyrste ordføraren vår, David Hustveit hadde heimen sin oppe på garden. David var ordførar i fleire periodar og var også med å skipa Voss Sparebank. I 1952 vart Hustveitgarden gjeven i gåve til Voss kommune for å heidra David sitt ettermæle. Etter mange år med ulike leigetakarar, vurderte kommunen å selja gåva i 2015. Takka vera ei lokal gruppe med Liv Bernhoft Osa i spissen, vart dette lagt på is. Hausten 2018 vart garden formelt overdregen til Stiftinga Hustveitgarden.