01.10.2021 – Sølvgruva på Tvildemoen

Biletet under syner det einaste som i dag er synleg etter gruvedrifta.

Sølvgruva på Tvildemoen, 01. oktober 2021, 11:38 +12C (Voss)

På Vossatinget 1771 er upplyst at Kristen Halldorson frå Sogn, som gjekk og bad seg, var funnen drepen ved elvi der blyverket hadde vore. Blygruva var tett med og full av vatn, heiter det. Blygruva er umtala nokre andre gonger og i tingboki frå 1700-talet. Tradisjonen fortel at blyet åt kyrkjetaket skulde vera funne ovanfor Båbruæ. Denne blygruva må visst vera den gamle sylvgruva ved Raundalselvi på Tvilde sin eigedom, for ein veit ikkje um noko gruve andre stader ikring Båbruæ. I 1860-åri var to engelskmenn her, fekk reinska upp gruva og tømt henne. Det synte seg då at ho går rett ned ikring 8 meter, svingar so og går på skrå i sørvestleg retning burt under elvi til umlag midt under henne. Det var då funne ei trebytte med årstal frå 1760-åri, som tyder på at gruva har vore i arbeid då. Dersom blyet til kyrkjetaket er kome derifrå, må der og ha vore arbeidt lenge fyre 1700-talet.

Kjelde: Vossaboki band III

Sølv på Tvilde
I Vosseboki har Lars Kindem skrive om sølvgruva på Tvilde som var i drift på 1700-talet. I tingboka har det også vore nemnd ei blygruve.
Kindem skriv at ”Denne blygruva må visst vera den gamle sylvgruva ved Raundalselvi på Tvilde sin eigedom, for ein veit ikkje um noko gruve andre stader ikring Båbrua.
I 1860-åri var to engelskmenn her, fekk reinska opp gruva og tømt henne. Det synte seg då at ho går rett ned ikring 8 meter, svingar so og går på skrå i sørvestleg retning burt under elvi til umlag midt under henne”.

Det har vore teke ut mutingsbrev fleire gonger, m.a i 1888 av ”Hr. Overretssagfører Chr. Michelsen af Bergen”. Furer Ola Hardeland, Tvildemoen, muta påny i 1917 under namnet „Tvilde skjerp“. Olav Tvilde fortel at den siste som skal ha drive i gruva var Erik Fagnastøl kring 1915-18.
Men dei fann ikkje stort. I brev frå Norges geologiske Undersøkelse er sagt at ”Forekomsten synes etter de innsendte prøver å dømme å føre ganske lite blyglans, magnetkis og svovelkis i kvarts”

Kjelde: Bømoen og Tvildemoen

Sølvgruva på Tvildemoen og Raundalselva, 01. oktober 2021, 11:36 +12C (Voss)
Sølvgruva på Tvildemoen, 01. oktober 2021, 11:35 +12C (Voss)
Sølvgruva på Tvildemoen, 01. oktober 2021, 11:35 +12C (Voss)
Murrestar etter den gamle hengebrua som gjekk over Raundalselva til Tvildemoen, 01. oktober 2021, 10:01, +12C
Hengebrua datt ned ca. 1938.
Mange store og små jettegryter langs Raundalselva, 01. oktober 2021, 11:19, +12C (Voss)
Mange store og små jettegryter langs Raundalselva, 01. oktober 2021, 11:19, +12C (Voss)

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.