Klyvsnolten med utsyn, Skjevlingen og Singeset (del 2:2)







Singeset er det tufter att av oppe i Singesetdalen ovanfor Singesetvatnet. Det er uvisst om det er denne stølen det er vist til for Repål i matrikkelen av 1723, for Repål har og hatt støl i Lauvhovden og på Nyestødl. Men i nyare tid har Repål brukt Singeset til støl, endå om han har vore nedlagd i lengre tid. Framom Singesetvatnet og Raudkjeldo – Svartaberget Repål har det vore mykje ferdsle både sumar og vinter. Raundalsgardane hadde kyrkjevegen sin her, og alle stølseigarane frå Tjukkebygd i Ronve, Bryn, Kvitheimsgrendi, Hegle, Almeland og Nedkvits- og Ukvitsgrendi, Grauo, Repål, Kyte, Norheim har hatt stølsveg om Raudkjeldo og Singesetvatnet. Det vart mindre ferdsle her etter at køyrevegen frå klyve til Urdland vart bygd gjennom Rastalidi i 1840-åra.
Det har vore gissa på at fyrste lekken i namnet Singeset er ei forkorting av mannsnamnet Singolv. Mot denne tolkinga kan ein visa til at namnet Singolv var svært lite i bruk i gamalnorsk tid, og at det ikkje er dokumentert at namnet har vore nytta her i bygdene.
Kjelde: Stølar i Vossefjell

