04.07.2022 – Voss i Dag

Nokre bilete frå dagen.

Skulestadmo frå Hangurstoppen, 04. juli 2022, 11:52 (Borstrondi, Kvitheim, Hanguren)
Skulestadmo frå Hangurstoppen, 04. juli 2022, 11:52 (Hanguren)
Voss Active (Voss Raftingsenter) her skal det koma nytt rafting senter, 04. juli 2022, 11:53 (Skulestadmo)
Hangurstoppen, her skal det koma ny stolheis, gamle tråstølsheisen vert historie, 04. juli 2022, 12:02 (Hanguren, Voss Resort)
Kabin frå gamle Hangursbanen har fått plass på Hangurstoppen utanfor Voss Gondol, 04. juli 2022, 12:14 (Voss, Hanguren)

Hangursbanen var ei taubane på Voss. Bana var ei gondolbane som gjekk sin siste tur sundag 30. august 2015. Dei to gondolane, populært kalla Dinglo og Danglo, var demontert i september 2015, og bana riven for å verte erstatta av ei ny bane etter ein annan trasé med anna utgangs- og endepunkt.

Hangursbanen var eigd av Voss Resort Fjellheisar, som er ein del av Voss Resort.

Bana hadde eit strekk på 1 126 meter, to master og ei topphøgd på 660 meter over havet. Botnstasjonen låg i Hangursvegen 15, kring 500 meter frå Voss stasjon. Dei to gondolane, med namna Dinglo (raudmåla) og Danglo (blåmåla), hang ved hjelp av eit hjulsystem på kvar sin berekabel, og var festa i kvar sin ende av den same trekkvaieren, slik at dei gjekk samstundes frå høvesvis topp- og botnstasjonen. Namna på dei to gondolane, Dinglo og Danglo, kjem av at dei svaia og dingla fram og attende ved mastekryssing og i vind.

Frå botnstasjonen nytta bana om lag fem minutt til toppstasjonen. Ved full fart kunne bana gå 8 m/s, men til vanleg var farten er kring 5-6 m/s. Mykje vind tvinga bana til å gå saktare enn dette, og ved for mykje vind må bana stengjast av tryggleiksårsaker.

Bana var i drift i turistsesongen (1. juni-1. september), og i skisesongen om vinteren. Om sumaren gjekk bana kvar dag frå klokka 10 til 17.

Tidlegare måtte det sitja ein person ved nedre stasjon for å styra gondolbana. Det var då 3-4 personar på jobb, der to var i gondolane, ein styrte bana og ein tok billettar. Ved seinare tids modifikasjonar kunne bana kan styrast av berre ein person ved at berre ein gondol var i drift og den andre gjekk tom. Personen som var på jobb i gondolen vart ofte kalla ein dinglar.

Bana vart bygd i 1963 av Hordaland Mekaniske Verkstad (HMV) og eit mekanisk verk frå Bern i Sveits.

Kjelde: Wikipedia

Voss frå Hanguren, 04. juli 2022, 12:20, +12C (Nede)
Voss sentrum sett ovanfor Mølsterberget, 04. juli 2022, 12:36, +12C
Det minkar på det gamle idrettsbygget ved Voss Ungdomsskule, 04. juli 2022, 12:35, +12C (Voss)
Ekstremsportveko er over og riving av telta er godt i gang, bak ligg nye Aktivitetsparken som snart er ferdig sett ovanfor Mølsterberget, 04. juli 2022, 12:32, +12C (Voss)
Prestekragar på Ringheim, 04. juli 2022, 18:19, +155C (Voss)